Timiș

sideelv til Donau i Romania og Serbia
(Omdirigert frå Tamiš)

Timiș eller Tamiš er ei 359 km lang elv i Romania og Serbia. Ho spring ut frå Semenicfjella, sør i Karpatane i Caraş-Severin fylke i Romania. Frå her renn ho gjennom regionen Banat region og munnar ut i Donau nær Pančevo, nord i Serbia.

Timiș
Tamiš (Тамиш)
elv
Tamiš nær Pančevo
Land  Romania,  Serbia
Nedslagsfelt 13 085 km²
Renn gjennom Sfântu Gheorghe, Râmnicu Vâlcea, Slatina
Lengd 359 km
Middelvassføring 47 /s
Kjelde Semenicfjella i Trei Ape i Romania
 •  høgd 1 440 moh.
Munning Donau, nær Pančevo i Serbia
Kart
Timiș
45°12′51″N 22°08′43″E / 45.2141°N 22.1452°E / 45.2141; 22.1452
Kart med Timiș innteikna
Kart med Timiș innteikna
Kart med Timiș innteikna
Wikimedia Commons: Timiș River
Flaum i Jaša Tomić i 2005

Elva har ei rekkje liknande namn på lokale språk: Rumensk Timiș, serbisk Тамиш eller Tamiš, tysk Temesch og ungarsk Temes. I antikken vart elva kalla Tibiscus og Tibisis.

Kjenneteikn

endre

Elva har eit nedslagsfelt på 13 085 km² (8085 km² i Romania, 5000 km² i Serbia). Via Donau høyrer elva til Svartehavet sitt nedslagsfelt.

Elva startar frå innsjøen Trei Ape der elvane Brebu, Grădiştea og Semenic renn ut. Etter å ha kome inn i Banat flyt ho sakte og svingar seg over slettene. I regntunge periodar fører ho ofte til flaum i dette området. Flaumen i 2005 råka særleg hardt då landsbyane Boka og Jaša Tomić fekk store skadar. I april 2005 vart elva målt 8,44 m over normalt nivå, det høgaste som er målt i elva. Våren 2007 byrja arbeidet med å vollar langs elvebreidda for å hindre fleire flaumar her.[1]

I den nedre delen er elva regulert og dei siste 53 km er det mogeleg med skipsfart. Den viktigaste hamna er industribyen Pančevo.

Sideelvar

endre

241 km av elva renn gjennom Romania og her mottar ho fleire mindre sideelvar: Râul Rece, Slatina, Valea Mare, Măcicaș, Pârâul Lung, Armeniș, Sebeș, Bistra, Șurgani, Timișana, Pogăniș, Timișul Mort og Vena Mare. 118 km renn i Serbia og her mottar ho berre ei større sideelv, Brzava, som òg er den største sideelva hennar.

Dei største byane Caransebeș og Lugoj i Romania.

Kjelder

endre
  1. Politika, 5. mai 2007, s. 08
  • Denne artikkelen bygger på «Timiș River» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2008.
  • Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
  • Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
  • Administrația Națională Apelor Române - Cadastrul Apelor - București
  • Institutul de Meteorologie și Hidrologie - Rîurile României - București 1971
  • Trasee turistice - județul Timiș [1]