Návplio
(Omdirigert frå Nafplio)
Návplio Lokalt namn Ναύπλιο | |
---|---|
Gamlebyen i Návplio | |
Geografi | |
Stad | Peloponnes |
Koordinatar | 37°34′N 22°48′E / 37.567°N 22.800°E |
Areal | 387,8 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Peloponnes Argolída |
Hovudsete | Návplio (14 532 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 32 625 (2021[1]) |
Folketettleik | 84,1 /km² |
Návplio (gresk Ναύπλιο) er ein by og kommune på Peloponnes i Hellas. Han er hovudstad i periferieininga Argolída i periferien Peloponnes.
Návplio ligg ved Argolikósbukta og var hovudstad i Hellas frå 1829 til 1834. Her vart òg Ioannis Kapodistrias, den første statsministeren i det moderne Hellas, myrda.
Byen har i dag opp mot 15 000 innbyggjarar.
Administrativ inndeling
endreKommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
- Návplio
- Asíni
- Midéa
- Néa Tíryntha
Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 32 625 innbyggjarar, medan kommunaleininga Návplio hadde 19 375 og tettstaden med same namn 14 532 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader
endreDei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Návplio | Návplio | 14 203 | 14 532 |
Ária | Návplio | 3 376 | 3 529 |
Toló | Asíni | 1 460 | 1 317 |
Drépano | Asíni | 1 272 | 1 188 |
Ájos Adrianós | Néa Tíryntha | 1 080 | 1 131 |
Néa Tíryntha | Néa Tíryntha | 1 186 | 1 111 |
Asíni | Asíni | 1 055 | 1 000 |
Ajía Triáda | Midéa | 1 151 | 999 |
Levkákia | Návplio | 934 | 803 |
Panarítis | Midéa | 563 | 619 |
Anýfi | Midéa | 745 | 607 |
Argolikó | Midéa | 609 | 573 |
Íria | Asíni | 453 | 523 |
Mánesis | Midéa | 534 | 487 |
Arakhnéo | Midéa | 643 | 485 |
Poullakída | Midéa | 605 | 483 |
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert