Periferieininga Argolída
Περιφερειακή ενότητα Αργολίδας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Peloponnes
Hovudstad Návplio
Folketal 93 216 (2021[1])
Areal 2 154 km²
Folketettleik 43/km²
Kommunar 4
Postnummer 21x xx
Retningsnummer 275x0
Bilnummer AP
Heimeside www.argolida.gr

Periferieininga Argolída (gresk Περιφερειακή ενότητα Αργολίδας, Periferiakí enótita Argolídas, i antikken/katharevousa Ἀργολίς, Argolís) er ei periferieining i Hellas i periferien Peloponnes.[2] Hovudstaden i periferieininga er Návplio.

Innan jordbruk vert det hovudsakleg dyrka appelsiner og oliven. Strender finn ein i sør og aust, medan fjell og åsar dominerer i vest, nordaust og aust.

Argolída grensar til Arkadía i vest og sørvest, Korinthía i nord, Saroniabukta, Attikí og Trizína-området (periferieininga Øyane) i aust og søraust, og Argolikósbukta i sør.

Av fjell finn ein Lýrkio og Trakhý i nordvest.

Administrativ inndeling

endre

Tidlegare var Argolída eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fire kommunar.[2]

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer
Argolída Árgos-Mykínes Árgos 212 00
Akhladókambos 210 57
Aléa 205 00
Koutsopódi 210 00
Lérna 212 00
Lyrkía 210 58
Mykínes 212 00
Néa Kíos 210 53
Návplio Návplio 211 00
Asíni 210 60
Midéa 210 55
Néa Tíryntha 211 00
Epídavros Asklipiío 210 52
Epídavros 210 54
Ermionída Ermióni 210 51
Kranídi 213 00

Historie

endre

Frå 1833 til 1899 var prefekturet ein del av Argolidokorinthia, som inkluderte øyane Ýdra, Spétses og Kýthira. Ho vart så ein del av Korinthía og danna Argolidokorinthia igjen i 1909. Førti år seinare, i 1949, vart prefekturet igjen skild ut frå Korinthía.

Byar og tettstader

endre

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Árgos Árgos-Mykínes 22 209 21 467
Návplio Návplio 14 203 14 532
Kranídi Ermionída 4 006 4 053
Ária Návplio 3 376 3 529
Néa Kíos Árgos-Mykínes 2 778 2 743
Ermióni Ermionída 2 505 2 506
Portokhéli Ermionída 1 817 2 272
Lygourió Epídavros 2 482 2 197
Koutsopódi Árgos-Mykínes 1 857 1 679
Antikke Epídavros Epídavros 1 618 1 540
Toló Návplio 1 460 1 317
Drépano Návplio 1 272 1 188
Ájos Adrianós Návplio 1 080 1 131
Néa Tíryntha Návplio 1 186 1 111
Kilás Ermionída 1 165 1 004
Asíni Návplio 1 055 1 000
Ajía Triáda Návplio 1 151 999
Dídyma Ermionída 1 047 932

Referansar

endre

Kjelde

endre

37°40′N 22°50′E / 37.667°N 22.833°E / 37.667; 22.833