Nahal Taninim (hebraisk נחל תנינים, tyder 'Krokodilleelva') er ei elv i Israel, som spring ut nær Ramot Menashe og munnar ut i Middelhavet sør for Ma'agan Michael. Det arabiske namnet på elva er Wadi a-Zarka.

Nahal Taninim
elv
Nahal Taninim
Land  Israel
Nedslagsfelt 200 km²
Koordinatar 32°32′51″N 34°54′54″E / 32.54750°N 34.91500°E / 32.54750; 34.91500
Kjelde nær Ramot Menashe
Munning Middelhavet
Kart
Nahal Taninim
32°32′51″N 34°54′54″E / 32.5475°N 34.915°E / 32.5475; 34.915
Wikimedia Commons: Taninim Stream

Elva er kalla opp etter krokodillane som brukte å halde til i Kebarasumpane fram til tidleg på 1900-talet. Restane av Crocodilopolis, ein by som vart grunnlagd der på 300-talet fvt., er framleis synleg i dag.[1]

Heile vassdraget dekkjer eit område på kring 200 kvadratkilometer, og inkluderer elvane Taninim, Ada, Barkan, Alona og Mishmarot. Nahal Taninim er den reinaste av kystelvane i Israel.[1] Tre vassvegar møter kvarandre i Nahal Taninim: den naturlege elva, ein romersk akvedukt som strekkjer seg frå Zabrinkjeldene til Caesarea, og Mifale Menashe, vassverket som samlar avrenningsvatn og fører det ned under jorda.[2]

Dei tette siva langs Nahal Taninim er heimstad til mange fuglar, mellom anna songarar.[3]

I følgje ein zoolog ved Tel Aviv universitet levde det krokodillar og flodhestar i området fram til eit par hundre år sidan.[4]Den siste gongen det vart rapportert om krokodillar her var i 1912.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nahal Taninim