Opna hovudmenyen

Ma'agan Michael (hebraisk skrift מַעֲגַן מִיכָאֵל, tyder Michael-ankerplassen) er ein kibbutz i Israel. Han er den største kibbutzen i landet med eit folketal på over 1 400 innbyggjarar (utanom innhenta arbeidskraft),[1] og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune.

Ma'agan Michael
landsby
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Kystsletta
Distrikt Haifa distrikt
Kommune Hof HaCarmel
Koordinatar 32°33′24.83″N 34°55′1.2″E
Grunnlagd 25. august 1949
 - Grunnlagd av Hebraiske speidarar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ma'agan Michael
Nettstad: http://www.maaganmichael.com

GeografiEndra

 
Nahal Taninim

Kibbutzen ligg 30 km sør for Haifa og 70 km nord for Tel Aviv nær Middelhavet vest for Karmelberget. I sør ligg kibbutzen Ma'ayan Zvi og i nord Taninimelva. Han ligg nord for den store arabiske landsbyen Jisr az-Zarqa.

Den opphavlege staden var ein vindfull, trelaus sandsteinsås (eolianitt). Noko av dette landområdet var ein del av den tørrlagte Kabarra-sumpen. Dei nærliggande Timsah-kjeldene, som er kjelda til Taninimelva, er ein av die få lokale kjeldene for brakkvatn for dei mange fiskedammane kring kibbutzen.Nahal Taninim naturreservat ligg sør for kibbutzen og her ligg ein gammal romersk dam og akvedukt, som er restaurert.

HistorieEndra

Ma'agan Michael vart grunnlagd den 25. august 1949 av ei gruppe på 154 medlemmar og 44 barn, som slo seg saman i 1942, dei fleste frå Den hebraiske speideren. Han fekk namnet Ma'agan (ankerplass) fordi dei ønskte å leve av fiske, og Michael etter Michael Polak, som donerte pengar til Palestine Immigrant Colonization Association (PICA).

Gruppa hadde først base i ein mellombels Jewish Agency-leir i Pardes Hanna, der dei lærte seg det dei trengde for å skape ein sjølvstendig busetnad, mellom anna korleis dyrke sitruslundar og halde kyr, får og høns.

Etter kvart fekk gruppa med seg yngre emigrantar frå Tyskland og Austerrike. Gruppa vart verande i Pardess Hanna fram til slutten av [andre verdskrigen]], medan fleire medlemmar vart sende utanlands som sendebod. Andre vart med i Den jødiske brigaden, Palmach, arbeidde i andre kibbutzim, i Daudehavsverket i Sdom, eller i den nyoppretta våpenindustrien.

I 1946 flytta hovudkvarteret til Haganah gruppa til ein mellombels stad i Rehovot. Denne busetnaden vart nytta som dekke for ein løynd undergrunnsfabrikk som produserte 9mm-ammunisjon til Sten-maskinpistolar. I denne perioden levde medlemmane i kibbutzen eit dobbeltliv for å skjule den ulovlege våpenfabrikken frå dei britiske styresmaktene. I 1948 vart fabrikken flytta til det nyoppretta Military Industries (TAAS). Staden i Rehovot er i dag bevart som Ayalon Museum.

Det meste av jordbruksområdet til kibbutzen var tørrlagt land frå Kabarra-sumpen, som vart drenert i 1920-åra med støtte frå baron Rothschild og utført av jødiske pionerar og lokale beduinar. Eit lite myrområde er att, og vert nytta som beitemark for hestar og som naturreservat.

KjelderEndra

  1. About/Historie Ma'agan Michael Agro Sentral

BakgrunnsstoffEndra