Naja Marie Aidt (fødd 24. desember 1963) er ein dansk forfattar. Ho vart fødd i AasiaatGrønland og voks opp dels på Grønland og dels på Vesterbro i København. Aidt debuterte i 1991 med diktsamlinga Så længe jeg er ung.

Naja Marie Aidt

Naja Marie Aidt under tildelinga av Nordisk råds litteraturpris i 2008
Foto: Magnus Fröderberg/norden.org
Nasjonalitet Dansk
Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 24. desember 1963 (60 år)
AasiaatGrønland
Yrke Forfattar
Ektefelle Eigil Bryld
Naja Marie Aidt på Commons

Naja Marie Aidt er tildeld fleire prisar, mellom anna Nordisk råds litteraturpris 2008 for novellesamlinga Bavian. Komitéen sa i grunngjevinga for tildelinga at gjennom heile boka går ein straum som på same tid er både yndefull lett og illevarslande dyster og at Aidt har innteke ein framståande plass i sin generasjon av danske forfattarar. For Bavian fekk ho òg den danske Kritikerprisen for 2006. Aidt har Statens Kunstfonds hædersydelse.[1]

Bøkene til Aidt er ikkje omsette til norsk, men nokre av dei er komne i italiensk, svensk og tysk utgåve.

Verkliste endre

  • 1991 – Så længe jeg er ung – diktsamling
  • 1992 – Et vanskeligt møde – diktsamling
  • 1993 – Vandmærket – novellesamling
  • 1994 – Det tredje landskab – diktsamlng
  • 1995 – Tilgang – novellesamling
  • 1996 – Huset overfor – diktsamling
  • 1996 – Ubrydeligt – høyrespel
  • 1998 – Blæs på Odysseus – korsongar
  • 1998 – Tjenende ånder – høyrespel
  • 1999 – Rejse for en fremmed – diktsamling
  • 2000 – Den lille Havfrue – operalibretto
  • 2000 – Siska – skodespel
  • 2000 – Tilbage til byen – manus til kortfilm for barn
  • 2002 – Balladen om Bianca – lyrikk, kortprosa og ei barneforteling
  • 2002 – Begyndelsen til en historie/Så börjar en historia – diktsamling
  • 2004 – Rundt på gulvet – skodespel
  • 2005 – Strings – manuskript til spelefilm
  • 2005 – Zakarias og alle de andre – barnebok
  • 2006 – Bavian – novellesamling
  • 2006 – Hvor er Villy? – barnebok
  • 2006 – Tag og kys det hele fra os saman med Viggo Madsen – dikt
  • 2006 – Åsted – skodespel
  • 2008 – Poesibog, Gyldendal
  • 2009 – Alting Blinker, Gyldendal – diktsamling
  • 2012 – Sten saks papir, Gyldendal – roman
  • 2014 – Frit flet, med Mette Moestrup og Line Knutzon
  • 2016 – OMINA, med Mette Moestrup - dikt
  • 2017 – Har døden taget noget fra dig så giv det tilbage. Carls bog

Prisar og utmerkingar endre

Kjelder endre

  1. «Modtagere af hædersydelse». Statens Kunstfond. Henta 17. november 2014. 
  2. Pettersson, Louise (9. november 2022). «Naja Marie Aidt får Det Danske Akademis Store Pris». Jyllands-Posten. Henta 18. februar 2022. 
  3. «Svenska Akademiens nordiska pris 2022» (på svensk). svenskaakademien.se. 17. februar 2022. Henta 18. februar 2022. 

Bakgrunnsstoff endre