Aasiaat (dansk Egedesminde, tidlegare skrive Ausiait) er den fjerde største byen på Grønland. I 2020 hadde han eit folketal på 3 069.[1]

Aasiaat
by
Våpenskjold
Land  Grønland
Areal 4 000 km²
Folketal 3 310  (2005)
Postnummer 3950
Kart
Aasiaat
68°42′35″N 52°52′10″W / 68.709722222222°N 52.869444444444°W / 68.709722222222; -52.869444444444
Wikimedia Commons: Aasiaat

Byen er administrasjonssenter i kommunen Qeqertalik. Aasiaat var tidlegare ein eigen kommune som dekte fleire øyar sør i Diskobukta, Aasiaatøyane vest på Grønland.

Namn og symbol endre

På grønlandsk tyder Aasiaat 'edderkoppar'.[2] Ein kjenner ikkje til den nøyaktige forklaringa for dette. Ei sannsynleg årsak kan ha vore at då busetnaden først vart grunnlagd så fanst det mykje edderkoppar her, noko som er sjeldan å sjå på Grønland i dag. Kommunevåpenet til Aasiaat viste ein spindelvev.

Aasiaat vert stundom kalla «Kvalbyen»,[3] fordi havpattedyr som kval og sel er eit vanleg syn her.

Geografi endre

Den største øya i Aasiaatøyane er Saqqarliup Nunaa, som ikkje er busett, men som har bygningar for å huse turistar. Vest på denne øya ligg den forlatne landsbyen Manermiut. Folketalet i kommunen er fordelt mellom tre busetnader (folketal frå 2005):

  1. Byen Aasiaat (3100 innb.) ligg på ei øy med same namn, like nordvest for Saqqarliup Nunaa.
  2. Landsbyen Akunnaaq (101 innb.) ligg på ei øy med same namn like nordaust for Saqqarliup Nunaa og 23 km nordaust for byen Aasiaat.
  3. Landsbyen Kitsissuarsuit (109 innb.) ligg på ei lita øy med same namn (på dansk heiter øya og landsbyen Hunde Ejland), 21 km nordvest for Aasiat.

Ein annan forlaten landsby er Vester Ejland, på ei øy med same namn som er den vestlegaste i øygruppa, 29 km frå Aasiaat.

Klima endre

Aasiaat har arktisk klima (Köppenklassifisering ET) med ein middeltemperatur i juli på berre 5,7 °C eller 42,3 °F.

Vêrdata for Aasiaat 1961-1990, ekstremar 1958-1999
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 8,6 7,7 8,3 8 16 17,6 22 19,8 16,9 13 9,1 12,2 22
Gjennomsnittleg maks °C −10,2 −12,2 −12,8 −6,3 0,7 5,2 8,5 7,7 4,2 −0,4 −3,9 −7,2 −2,2
Gjennomsnittleg min °C −16,7 −19,1 −19,9 −13,4 −4,5 0,2 3 3 0,5 −4,2 −8,3 −12,7 −7,7
Lågast målte °C −36,8 −38,2 −36,9 −31 −20 −7,2 −2,6 −3,5 −7 −15,5 −24 −34,4 −38,2
Gjennomsnittleg nedbør mm 16 16 18 20 18 24 27 34 37 29 37 26 302
Gns. nedbørsdagar (≥ 1 mm) 4,3 4 4,7 4,9 4,6 4,8 5,5 6 7 7 8,9 7,3 69
Gns. snødagar (≥ 1 cm) 11,6 9,9 11,5 11 8,5 3,9 0,3 0,4 4,8 12,3 14,9 14,2 103,3
Kjelde: Danmarks Meteorologiske Institut[4]

Historie endre

Innfødde folk endre

Arkeologiske funn i området viser at det har vore menneske her tilbake til 4000 år f.Kr. Den tidlegaste moderne busetnaden dukka opp rundt 1200. Desse var truleg jegerar som slo seg ned her. Desse innbyggjarane jakta grønlandssel og lodde (ammassaat) nær Sydøstbugten om våren. Om sommaren flytta dei til Nordre Strømfjord (Nassuttooq) for å ta reinsdyr og kveite. Om hausten reiste dei tilbake til Diskobukta for å jakte små grønlandsselar. Om vinteren fraus bukta til og dei jakta narkval og kvitkval. Desse tidlege innbyggjarane utforma og bygde sine eigne kajakkar og umiakar, og qamutiik eller hundesledar som dei nytta når vatnet fraus til om vinteren.

Tidleg historie endre

 
Aasiaat (Egedesminde) måla i 1879 av geologen Andreas Nicolaus Kornerup.

Busetnaden som vart til Aasiaat vart grunnlagd i 1759 av Niels Egede, son av Hans Egede, ein norsk misjonær.[2] Etter han vart staden kalla Egedesmindekolonien og låg nord for Nordre Strømfjord, 125 km sør for dagens Aasiaat. Byen vart flytta til den noverande staden i 1763. Misjonæren Hans Hansen Tulle slo seg ned i Aasiaat i 1768.[5] Dei fleste innbyggjarane var kvalfangarar. Kopparbasillane som dei førte med seg var farlege for dei innfødde innbyggjarane, og særleg i 1770-åra mista mange livet. Mot byrjinga av 1800-talet hadde innbyggjartalet stabilisert seg og steig sakte. I 1805 var det 305 innbyggjarar og i 1901 1269.

1900-talet endre

 
Utsyn mot Egedesminde, eller Aasiaat, fotografert mellom 1889 og 1909.

Aasiaat opplevde vekst på første halvdel av 1900-talet. Det vart fyrst skipa ein barneskule her i 1914. Ein kostskule for gutar opna i 1928, og ein for jenter i 1932.[5] Dette var den fyrste skulen i landet som tilbaud kvinner vidaregåande utdanning. Ein av dei fyrste som gjekk på skulen var den fyrste kvinnelege romanforfattaren frå Grønland, Mâliâraq Vebæk, som gjekk ut øvst i sin klasse i 1934.[6][7]

3. mai 1940 vart det signert ein avtale i Godhavn som let amerikanske avlastingsfly på veg mot Storbritannia få nytte grønlandsk, islandsk og skotsk luftrom. Sidan Danmark var under kontroll av Nazi-Tyskland under den andre verdskrigen kunne dei ikkje sende forsyningar til Grønland, og USA og Canada fekk denne oppgåva. Forsyningane vart lagra nær Aasiaat, og vart så transporterte vidare til andre byar i regionen, som Uummannaq og Sisimiut.

Etter krigen heldt Aasiaat fram å vekse. I 1942 hadde amerikanarane oppretta ein vêrstasjon her. Torsk har vore ei økonomisk viktig næring sidan 1930-talet og fisken vart send til ein ny fabrikk for å verte salta og pakka. Andre næringar sprang òg opp, tilpassa ressursane og klimaet i regionen. I 1950-åra vart eit kraftverk og ein telekommunikasjonsstasjon bygd her.

I 1998 opna ein ny rullebane ved staden som Air Greenland opererer.

Folkesetnad endre

Med 3 069 innbyggjarar i 2020 er Aasiaat den største byen i Qeqertalik kommune.[1] Folketalet har variert mykje gjennom dei siste to tiåra, med ein nedgang på 3 % i høve til tala frå 2001 og ein oppgang på 10 % i høve til tala frå 2008.[8]

Folketalsutvikling i Aasiaat i perioden 1991-2010.[8]

Næringsliv endre

 
Fiskehamna i Aaasiaat.

Fiske etter reker og krabbe, skipsbygging og turisme er hovudnæringane i regionen.

Transport endre

Aasiaat er hamneby for Arctic Umiaq Line og Disko Line, som driv passasjertrafikk i Diskobukta.[9] Hamna i Aasiaat er også eit knutepunkt for regional shipping. Aasiaat lufthamn har direkteflygingar til Ilulissat og andre busetnader i diskobuktregionen og elles i landet, og til Air Greenland-knutepunktet i Kangerlussuaq. Det kjem også charterfly hit.[10][11]

Utdanning endre

Aasiaat har fire skular: ein vanleg skule (Gammeqarfik), ein yrkesskule (Piarersarfik),[12] ein skule for funksjonshemma (Ado Lyngep Atuarfia) og ein musikkskule (Aasiaat Music-school).

Kultur og turisme endre

 
Hus og hamn i Aasiaat i mai 2016.

Den eldste bygningen i Aasiaat er B-26, heimen til kvalfangstkapteinen.[13]

Aasiaat Museum er eit lokalhistorisk museum som vart opna i 1978 i bygning B-404. I 2002 vart det flytta til den noverande staden sin, B-24. Denne bygningen husa tidlegare kolonistyraren i Aasiaaat.[14]

Byen har fleire arrangement som vert haldne jamleg. Maaji-mi Peqqissuusa ('lat oss halda på helsa i mai') har fokus på aktivitetar som kan betra helsa til folk, og vert arrangert av frivillige. Aasiaat Midnightsun Marathon finn stad sein i juni og har løyper med ulike avstandar. Startplassen og mål er på torget i byen, der det også vert spelt musikk. Nipiaa rockefestival vert halden årleg.[5] Han går typisk over tre dagar og vert arrangert i august eller september i sportshallen.

Området i og rundt kommunen har mange moglege gjeremål for turistar, som kajakkpadling, skigåing, hundeslede og kvalsafari.[15]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Population by Localities». Statistical Greenland. Arkivert frå originalen 26. juli 2020. Henta 7. april 2020. 
  2. 2,0 2,1 Everett-Heath, John (20. september 2018). «Aasiaat» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-186632-6. doi:10.1093/acref/9780191866326.001.0001/acref-9780191866326-e-5. 
  3. «greenland-guide.gl». Arkivert frå originalen 22. mars 2013. Henta 29. august 2005. 
  4. Danmarks Meteorologiske Institut, arkivert frå originalen 30. juni 2013, henta 17. januar 2022 
  5. 5,0 5,1 5,2 «History of Aasiaat», www.aasiaat.museum.gl, henta 17. januar 2022 
  6. Kleivan, Inge (1997). «Mâliâraq Vebæk -forfatteren til den første grønlandske roman skrevet af en kvinde» [Mâliâraq Vebæk-author of the first Greenlandic novel written by a woman] (PDF). Tidsskriftet Grønland (på dansk) (Charlottenlund, Denmark: The Greenlandic Society) (3): 93–120. ISSN 0017-4556. Arkivert frå originalen (PDF) 4. mars 2016. Henta 16 October 2017. 
  7. Langgård, Karen (2003). «Mâliâraq Vebæk (1917 - 2012)». KVINFO (på dansk). Copenhagen, Denmark: Dansk Kvindebiografisk Leksikon. Arkivert frå originalen 16. oktober 2017. Henta 16. oktober 2017. 
  8. 8,0 8,1 Statistics Greenland, Population in localities
  9. «Travel to Arctic - Greenland - Package - Disko Line Greenland», www.diskoline.dk, henta 17. januar 2022 
  10. Simon (20. august 2023), «Aasiaat Airport in Aasiaat, Greenland, Greenland», Airport List (på engelsk), henta 29. november 2023 
  11. «Travellers' guide to Aasiaat», Travellerspoint (på engelsk), henta 29. november 2023 
  12. «GU Aasiaat». Arkivert frå originalen 28. juni 2006. Henta 29. september 2018. 
  13. «History», www.aasiaat.museum.gl, henta 17. januar 2022 
  14. «History of the Museum». Aasiaat Museum. Henta 18. juni 2021. 
  15. «Aasiaat Tourist Service». Arkivert frå originalen 22. mai 2011. Henta 29. august 2005. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Aasiaat