42°49′N 133°00′E / 42.817°N 133.000°E / 42.817; 133.000

Nakhodkabukta
bukt
Land  Russland
Del av Peter den store-bukta
Kart
Nakhodkabukta
42°49′00″N 133°00′00″E / 42.816666666667°N 133°E / 42.816666666667; 133
Wikimedia Commons: Gulf of Nakhodka
Satellittbilete av Nakhodkabukta

Nakhodkabukta (russisk зали́в Нахо́дка) er ei bukt i Peter den store-bukta i Japanhavet i Russland. Her ligg hamnebyen Nakhodka, som bukta er kalla opp etter. Han er ein del av Primorskij kraj. Øya Lisy vernar opninga av bukta frå havbølgjer.

Bukta er ein av dei største transportknutepunkta i Russiske Fjernausten og skipstrafikken her er intens. Det er fire hamner i bukta og fire skipsverft som reparerer skip. Her ligg basen til reiarlag som Prisco og fiskeriselskap.

Nakhodkabukta vart oppdaga i 1859 av den russiske korvetten «Amerika», som søkte ly mot ein storm. Nakhodka er russisk for «eit lykketreff». Den første russiske busetnaden ved bukta var landsbyen Amerikanka som vart grunnlagd i 1907 og kalla opp etter korvetten.

Kjelder endre

 
Panorama av Nakhodkabukta sett frå Dzerzjinskijåsen. Mai 2006