Peter den store-bukta
Peter den store-bukta (russisk Залив Петра Великого, Zaliv Petra Velikogo) er den største bukta i Japanhavet i Primorskij kraj i Russland. Muravjov-Amurskij-halvøya og ei rekkje av øyar deler den 6000 km² store bukta i Amurbukta og Ussuribukta.
Peter den store-bukta | |||
bujst | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Japanhavet | ||
Peter den store-bukta 42°37′54″N 131°46′44″E / 42.631667°N 131.778889°E | |||
Wikimedia Commons: Peter the Great Gulf |
Kystlinja er om lag 1500 km lang og er delt inn i mange mindre buktar. Dei største av desse er Zolotoy Rog, Diomedesbukta, Ulyssesbukta, Nakhodkabukta, Possietbukta og Sjamora med sine fine sandstrender. Av øyar finn ein Rimskij-Korsakov-øyane, Askold, Putjatin og Russkijøya (som er skild frå fastlandet av Aust-Bosporos).
Om lag 630 km² av bukta er verna med Fjernausten marine naturreservat. Ein regatta vart halden her årleg. Om vinteren er den nordlege delen av bukta vanlegvis islagd.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Peter the Great Gulf» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Detaljert informasjon om bukta Arkivert 2008-04-16 ved Wayback Machine.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: