Namco
Namco Ltd. er ein japansk dataspelutviklar. Selskapet blei skipa i Tokyo i 1955 av Masaya Nakamura under namnet Nakamura Manufacturing Ltd. Det endra namn til Namco i 1972 og kjøpte det japanske dotterselskapet til Atari i 1974. Det best kjende spelet til Namco, Pac-Man, kom ut i 1980. I 2005 blei Namco slått saman med spelselskapet Bandai og danna Namco Bandai Holdings.
Namco | |||
| |||
| |||
Org.form | Kabushiki kaisha | ||
---|---|---|---|
Bransje | Dataspelindustrien | ||
Skipa | 1. juni 1955 | ||
Hovudkontor | Tokyo | ||
Land | Japan | ||
Produkt | dataspel | ||
Nettstad | https://bandainamco-am.co.jp (japansk), https://www.namco.com.hk |
I tillegg til Pac-Man har Namco utvikla mellom anna Ms. Pac-Man, Soul Calibur, Tekken, Ridge Racer og serien Tales.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Namco» frå Wikipedia på bokmål, den 22. november 2023.