Namnet Alba
kvinnenamn
Alba er eit namn som kan ha fleire ulike avleiingar. Det kan vera ei kvinneleg form av latinsk Albus, som tyder 'kvit' eller 'lys',[1] eller vera knytt til det spanske, katalanske og italienske ordet alba som betyr 'morgongry'. Namnet kan vera avleidd av germanske ord for 'alv',[2] liknande Alva, eller det kan vera ei kortform av andre namn, som Albertina.[3]
Alba hadde tidlegare (1986-1993) svensk namnedag den 1. mars.
Alba kan også vera eit etternamn, typisk brukt i spanskspråklege land, og er namnet på ei spansk adelsslekt, huset Alba. Hertugtittelen Alba kjem frå Alba de Tormes sør i Spania.
Alba er også det skotsk-gæliske namnet på Skottland, sjå også Albion.
Kjende namneberarar
endre- Førenamn
- Alba Calderón de Gil (1908–1992), ecuadorsk målar
- Alba de Céspedes y Bertini (1911–1997), kubansk-italiensk forfattar
- Alba Mujica (fødd Alba Mugica, 1916–1983), argentinsk skodespelar
- Alba Solís (fødd Ángela Herminia Lamberti, 1927–2016), argentinsk songar og skodespelar
- Alba Milana (f. 1959), italiensk langdistanseløpar
- Alba Roversi (f. 1961), venezuelansk skodespelar
- Alba Rohrwacher(f. 1979), italiensk skodespelar
- Alba Caride (f. 1980), spansk gymnast
- Alba María Cabello (f. 1986), spansk synkronsymjar
- Alba August (f. 1993), svensk skodespelar
- Alba Gaïa Bellugi (f. 1995), fransk skodespelar
- Etternamn
- Macrino d'Alba (ca. 1460–ca. 1510), italiensk målar
- Luis Larrea Alba (1895–1980), ecuadorsk president
- Maria Alba (eigentleg María del Pilar Margarita Casajuana Martínez, 1910–1999), spansk-amerikansk skodespelar
- Víctor Alba (1916–2003), spansk politikar, journalist, forfattar og professor
- Felipe de Alba (1924-2005), meksikansk-amerikansk skodespelar
- Sebastião Alba (1940–2000), portugisisk diktar
- Jessica Alba (f. 1981), amerikansk skodespelar
- Jordi Alba (f. 1989), spansk fotballspelar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alba (given name)» frå Wikipedia på engelsk, og «Alba (namn)» frå Wikipedia på svensk den 9. august 2017.
- ↑ Nomina, Historiska museet
- ↑ Behind the Name
- ↑ Malmsten, A. (2000): Svenska namnboken, andra upplagan, Bokförlaget Prisma