Jessica Alba
Jessica Marie Alba (fødd 28. april 1981) er ein amerikansk skodespelar. Ho er kjend for rollene sine i TV-serien Dark Angel og filmane Honey, Sin City og Fantastic Four.
Jessica Alba | |||
| |||
Fødd | 28. april 1981 (43 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Pomona | ||
Fødenamn | Jessica Marie Alba | ||
Aktive år | 1994– | ||
Verka som | fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, forretningsdrivande, teaterskodespelar, stemmeskodespelar | ||
Ektefelle | Cash Garner Warren | ||
Sambuar | Michael Weatherly | ||
Born | Honor Warren, Haven Warren, Hayes Warren | ||
Prisar | Golden Raspberry Award for verste skuespillerinne i en birolle, Saturn Award for Best Actress on Television, ALMA Award |
Biografi
endreTidleg liv
endreAlba vart fødd i Pomona i California som dotter av mexicansk-amerikanske Mark Alba og amerikanske Cathy Jensen. Alba voks opp på ein militærbase med dei katolske foreldra sine, broren Joshua og besteforeldra sine fram til ho var 16 år gammal.[1] Ho voks opp som idrettsfanatikar. Karrieren til far hennar innan luftforsvaret førte familien til Biloxi i Mississippi og til Del Rio i Texas, før dei kom attende til California då ho var ni år gammal.
Alba uttrykte ei interesse for skodespel allereie frå femårsaldereren. Ho tok det første skodespelarkurset sitt då ho var tolv, og fekk kontrakt med ein skodespelaragent ni månader seinare.
Karriere
endreDen første opptredenen til Albas i ein film var med ei lita rolle i filmen Camp Nowhere;;, som Gail. Ho vart opphavleg leigd inn for to veker, men rolla hennar viste seg snart å vera to månaders arbeid då ein av dei meir prominente skodespelarane slutta, og Alba vart plukka ut til å erstatta henne på grunn av at dei to hadde lik hårfarge. Den unge Alba opptredde seinare i to nasjonale TV-reklamar for Nintendo og J. C. Penney, og seinare hadde ho roller i fleire uavhengige filmar. Ho byrja med TV-arbeid i 1994, då ho fekk ei tilbakevendande rolle som den unge snobben Jessica i tre episodar av Nickelodeon-serien The Secret World of Alex Mack. Sidan fekk ho rolla som Maya i dei to første sesongane i TV-serien om Flipper. I 1995 hadde ho ei rolle i filmen Venus Rising, som unge Eva.
Etter at Alba gjekk ut av high school i ein alder av 16, byrja ho å studera skodespel med William H. Macy og kona hans, Felicity Huffman, på Atlantic Theater Company.
II 1998 opptredde Alba som Melissa Hauer i ein episode av Steven Bochcos kriminaldramaserie Brooklyn South, som Leanne i to episodar av Beverly Hills 90210, og som Layla i ein episode av The Love Boat: The Next Wave. I 1999 opptredde ho i ein episode av komiserien P.U.N.K.S.
Alba fekk større hollywoodroller frå 1999, etter at ho opptredde som ein medlem av ein snobbete high school-gjeng i Drew Barrymore sin romantiske komedie Ukysset, og hadde den kvinnelege hovudrolla i komediegrøssaren Idle Hands same år. Det store gjennombrotet hennar kom då ho var stjerna i science-fiction-serien Dark Angel, der manusforfattaren og regissøren James Cameron plukka henne ut blant 1200 kandidatar til rolla som den genetisk modifiserte supersoldaten Max Guevera. Serien gjekk i to sesongar før han vart kansellert i 2002. Etter dette har dei mest oppsiktsvekkande rollene hennar vore som dansar/koreograf i Honey frå 2003, den eksotiske dansaren Nancy Callahan i Sin City, i samspel med Bruce Willis frå 2005, og dessutan som Sue Storm, den usynlege dama, i Fantastic Four frå 2005
8. juni 2006 var ho vertinne for MTV Movie Awards.
Personleg liv
endreAlba lei under anoreksi[2] og ein nyreinfeksjon i 2001. Ho var trulova med medspelaren sin i Dark Angel, Michael Weatherly, men dei gjorde det slutt før dei gifta seg. I januar 2005 byrja ho å gå ut med Cash Warren, ein av assistentane til regissøren under innspelinga av Fantastic Four, og som ho byrja å gå med ut då ho spelte inn filmen. Jessica og Cash vart den 7. juni 2008 foreldre til ei dotter, Honor Marie Warren.[3] Dei har òg fått dottera Haven Garner Warren, fødd i 2011, og sonen Hayes Alba Warren, fødd 31. desember 2017.[4]
Anna
endre- Alba vart nominert til «verste kvinnelege skodespelar» for både Fantastic Four og Into the Blue til den 26. Razzie-utdelingen i 2005[5]
- På E!'s «101 Sexiest Bodies» kom Alba på tredjeplass, etter Brad Pitt på andre, og Angelina Jolie som vann.
- Fotoet til Alba vart brukt i videospelet Need for Speed: Most Wanted.
- Bror hennar Joshua opptredde saman med henne i «And Jesus Brought a Casserole», den siste episoden i den første sesongen av Dark Angel, der han spelte Krit, ein av X-5-brørne hennar som ynskte å hjelpa ho å øydeleggja Manticore.
- Etter Dark Angel farga Alba håret blondt til rolla som Sue Storm i filmen Fantastic Four, ein utsjånad ho har halde på sidan.
- Ho har ei tatovering av ein tusenfryd med ei marihøne i nakken, ei tatovering av ein sommarfugl like over korsryggen, og dessutan eit sanskritsymbol for «padma» på handleddet
- Ifølgje eit intervju med Rolling Stone, er måla hennar 34-25-34[6]
- Playboy har nemnd Alba som ein av dei 25 mest sexy kjendisane, og årets sex-stjerne i mars 2006-utgåva si, eit blad der ho pryda framsida. Alba vart involvert i ei rettssak mot Playboy på grunn av at dei brukte bileta (som var promo-bilete frå filmen Into the Blue) utan hennar samtykke. Ho gav etterkvart opp rettssaka etter at ho mottok ei personleg orsaking frå Playboy-eigaren Hugh Hefner, som òg sa seg villig til å donera pengar til to gode formål som Alba støttar.
- Ho har vore med i musikkvideoen I just had sex av The Lonely Island og Akon.
Filmografi
endreFilmar
endreÅr | Tittel | Rolle | Merknad |
---|---|---|---|
1994 | Camp Nowhere | Gail | Film debut |
1995 | Venus Rising | Young Eve | |
1999 | P.U.N.K.S. | Samantha Swoboda | |
Never Been Kissed | Kirsten Liosis | ||
Idle Hands | Molly | ||
2000 | Paranoid | Chloe | |
2003 | The Sleeping Dictionary | Selima | |
Honey | Honey Daniels | ||
2005 | Sin City | Nancy Callahan | |
Fantastic Four | Sue Storm / Invisible Woman | ||
Into the Blue | Sam | ||
2007 | The Ten | Liz Anne Blazer | |
Knocked Up | Herself | Uncredited cameo | |
Fantastic Four: Rise of the Silver Surfer | Sue Storm / Invisible Woman | ||
Good Luck Chuck | Cam Wexler | ||
Meet Bill | Lucy | ||
Awake | Sam Lockwood | ||
2008 | The Eye | Sydney Wells | |
The Love Guru | Jane Bullard | ||
2010 | The Killer Inside Me | Joyce Lakeland | |
Valentine's Day | Morley Clarkson | ||
Machete | Special Agent Sartana Rivera | ||
Marissa Rivera | Deleted scene | ||
An Invisible Sign | Mona Gray | ||
Little Fockers | Andi Garcia[7][8] | ||
2011 | Spy Kids: All the Time in the World | Marissa Wilson | |
2012 | Martin Scorsese Eats a Cookie | Seg sjølv | |
2013 | A.C.O.D. | Michelle | |
Escape from Planet Earth | Lena (røyst) | ||
Machete Kills | Sartana | Cameo | |
2014 | Sin City: A Dame to Kill For | Nancy Callahan | |
Stretch | Charlie | ||
Some Kind of Beautiful | Kate | ||
2015 | Barely Lethal | Victoria Knox | |
Entourage | Seg sjølv | Cameo | |
2016 | The Veil | Maggie Price | |
Dear Eleanor | Daisy | ||
Mechanic: Resurrection | Gina | ||
2017 | El Camino Christmas | Beth Flowers | |
2019 | Killers Anonymous | Jade | |
2022 | Trigger Warning | TBA |
Fjernsyn
endreÅr | Tittel | Rolle | Merknad |
---|---|---|---|
1994 | The Secret World of Alex Mack | Jessica | 3 episodar |
1995–1997 | Flipper | Maya Graham | Fast rolle |
1996 | ABC Afterschool Special | Christy | Episoden Too Soon for Jeff |
Chicago Hope | Florie Hernandez | Episoden Sexual Perversity in Chicago Hope | |
1998 | Brooklyn South | Melissa Hauer | Episoden Exposing Johnson |
Beverly Hills, 90210 | Leanne | 2 episodar | |
Love Boat: The Next Wave | Layla | Episoden Remember? | |
2000–2002 | Dark Angel | Max Guevara / X5-452 | Hovudrolle (42 episodar) |
2003 | MADtv | Jessica Simpson | Episode #9.5 |
2004 | Entourage | Seg sjølv | Episoden The Review |
2005 | Trippin' | 2 episodes | |
2009 | The Office | Sophie | Episoden Stress Relief |
2010 | Project Runway | Seg sjølv (gjestedommar) | Episoden Sew Much Pressure |
2013 | Comedy Bang! Bang! | Herself | Episoden Jessica Alba Wears a Jacket with Patent Leather Pumps |
2014 | The Spoils of Babylon | Dixie Mellonworth | 4 episodar |
2015 | RuPaul's Drag Race | Seg sjølv (gjestedommar) | Episoden Spoof! (There It Is) |
2017 | Planet of the Apps | Seg sjølv | Mentor |
2018 | No Activity | Episoden The Actress | |
2019–2020 | L.A.'s Finest | Nancy McKenna | Hovudrolle |
Musikkvideoar
endreÅr | Tittel | Artist(ar) | Rolle |
---|---|---|---|
2008 | We Are the Ones | will.i.am | Herself |
2010 | I Just Had Sex | The Lonely Island | Jorma Taccone's love interest |
2015 | Bad Blood | Taylor Swift featuring Kendrick Lamar | Domino |
Dataspel
endreÅr | Tittel | Rolle | Merknad |
---|---|---|---|
2002 | Dark Angel | Max Guevara[9] | Based on the TV series of the same name |
2005 | Fantastic Four | Sue Storm / Invisible Woman[9] | Based on the film of the same name |
Kjelder
endre- ↑ Om Alba på msnbc.msn.com
- ↑ Ukjent forfatter (udatert). «Jessica Alba's anorexic hell». femalefirst.co.uk (Female First).
- ↑ The Times, arkivert frå originalen 2. mai 2009, henta 11. november 2021
- ↑ Dagbladet.no - Jessica Alba ble mamma for tredje gang, besøkt 2. januar 2018.
- ↑ Nominasjoner til den 26. Razzie-utdelingen på razzies.com
- ↑ Albas biografi på IMDb
- ↑ Kit, Borys (18. oktober 2009). «Laura Dern at head of 'Fockers' class». The Hollywood Reporter (e5 Global Media). Arkivert frå originalen January 10, 2010. Henta 2. august 2010.
- ↑ Zeitchik, Steven; Kit, Borys (September 29, 2009). «Jessica Alba becomes a 'Little Focker'». Risky Business at The Hollywood Reporter (e5 Global Media). Arkivert frå originalen 13. juli 2012. Henta 2. august 2010.
- ↑ 9,0 9,1 TECH (June 18, 2007). «Jessica Alba Talks About Being A Video Game Character». Henta December 22, 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Jessica Alba» frå Wikipedia på bokmål, den 11. november 2021.
Bakgrunnsstoff
endre- Jessica Alba ved The Internet Movie Database (IMDb)