Namnet Iris
kvinnenamn
Iris er eit kvinnenamn frå gresk med tydinga ‘regnboge’.[1] Den personleggjorte regnbogen var ei gudinne som heitte Iris. Ho var syster til harpiane og bodbringar for gudane, særleg Juno. Namnet kan òg knyttast til irisblomar frå sverdliljeslekta.
Iris har norsk namnedag 24. mai og svensk den 10. februar.
Kjende namneberarar
endre- Iris Uurto (1905–1994), finsk forfattar
- Iris Adrian (1912–1994), amerikansk filmskodespelar
- Iris Murdoch (1919–1999), britisk forfattar
- Iris Apfel (1921–2024), amerikansk interiørdesigner og moteikon
- Iris von Arnim (f. 1945), tysk moteskapar
- Ellen Iris Lindvåg (f. 1960), norsk forfattar
- Iris Vermillion (f. 1960), tysk mezzosopran
- Iris Theres Korsnes (f. 1970), norsk skodespelar
Kjelder
endre- ↑ «Iris» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Iris hjå Statistisk Sentralbyrå
- Internasjonal namnestatistikk for Iris på behindthename.com