Opna hovudmenyen

Nanna er eit gammalt nordisk namn som kjem frå norrønt nenna, 'djerv'. Det kan også vera ein variant av andre namn, sjå Nana. Nanna kan også vera eit slektsnamn.

I norrøn mytologi var Nanna kona til Balder. Namnet var lenge gløymd i Skandinavia, men blei teke i bruk tidleg på 1800-talet. Nanna er også namnet på ein sumerisk gud, sjå guden Sin.

Nanna har namnedag i Noreg den 4. april. I 1901 kom det med i den svenske almanakken og fekk namnedag den 5. april, flytta til 3. april i 2000. Nanna har også namnedag den 15. august i Estland.

NamneberararEndra

  • Nanna Fleischer (1862–1946), norsk lærar for funksjonshemma
  • Nanna Meyer, eigentleg Johanne Marie Meyer (1863–1958), norsk jurist og embetskvinne, forkjempar for tilsetting av kvinner til offentlege embete
  • Nanna Broch, (1879–1971), norsk bustadkontrollør
  • Nanna Svartz (1890–1986), svensk lege og tidleg kvinneleg professor
  • Nanna Stenersen (1914–1977), norsk skodespelar
  • Nanna Ditzel (f. 1923), dansk moteskapar
  • Nanna Lüders Jensen (f. 1963), dansk songar med kunstnarnamnet Nanna
  • Nana Hedin, kjend som Na Na, (f. 1968), svensk artist

Annan brukEndra