Nanna Meyer

norsk jurist

Johanne Marie «Nanna» Meyer (25. mars 18634. desember 1958) var ein norsk jurist, og ein av dei fyrste kvinnelege juristane i Noreg. Som saksbehandlar og byråsjef i lovavdelinga i Justisdepartementet mellom 1903 og 1928 var ho sentral i ei rekkje reformer i Noreg. Ho var blant dei fyrste kvinnelege embetsfolka i Noreg.

Nanna Meyer
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. mars 1863
Åsgårdstrand
Død

4. desember 1958 (95 år)

Yrke embetsmann, jurist
Politisk parti Høgre
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening

Virke endre

Meyer var syster av Ludvig Meyer som også blei jurist. Ho tok eksamen i 1880 frå «Guvernanteskolen» ved Nissens Pikeskole, den høgaste utdanninga som var open for kvinner på den tida. Frå 1881 arbeidde ho i elleve år som lærar ved Frk. Falsens Pigeskole. I 1892 tok ho examen artium, som ei av dei fyrste kvinnene, og i 1901 blei ho utdanna jurist. Frå 1903 til 1928 arbeidde ho i lovavdelinga i Justisdepartementet. Ho var involvert i ei rekkje lovendringar, som dei Castbergske barnelovene 1915 og Ektefellelova av 1927, og er særleg kjend for si sentrale rolle då kvinner fekk tilgang til embete i staten i 1912. I 1916 blei ho sjølv del av embetsverket då ho blei byråsjef i lovavdelinga. Nanna Meyer sokna politisk til Høgre.[1] Ho var medlem i Norsk Kvinnesaksforening.[2]

Kjelder endre

  1. Nanna Meyer i NBL
  2. Moksnes, Aslaug (1984). Likestilling eller særstilling?. Gyldendal. s. 261. ISBN 8205153566.