Namnet Tue

mannsnamn

Tue eller Thue er eit gammalt skandinavisk mannsnamn som i nyare tid særleg har vore brukt i Danmark. Namnet har norrønt opphav og tyder «torden».

Tu, Tue og Thue kan også vera eit gardnamn og brukast som slektsnamn. Dette namnet har gjerne opphav i landskapsforma tue eller tuve.[1]

Etymologi endre

Tue er ei nyare form av Túvi og Tuvi, dei gammeldanske formene av det norrøne Tófi. Dette var ei kjæleform av namn basert på þórr, «torden», og eit andreledd på f- eller v-, som Þórfastr eller Þórvaldr, Torvald. Det kan også vera ei kortform for Þorbiǫrn, Torbjørn. Tilsvarande kvinnenamn er Tove, Tova og Tuva.

Bruk endre

Tófi og Túfi er kjent frå 23 norrøne runeinnskrifter, så namna var truleg mykje brukte i Norden på den tida.[2]

Forma «Tue» er kjend brukt i Noreg frå 1610 og i Danmark frå 1800-talet. I Norge var namnet mest brukt på 1600-, 1700- og 1800-talet, særleg i Østfold og i Nordfjord i Sogn og Fjordane. I Danmark har namnet vore mest brukt i 1970- og 1980-åra.

«Tue» er i dag sjeldant, og er nesten ikkje i bruk i Noreg. Namnet er mest brukt i Danmark, og i forma «Thue» på Grønland.

I 2021 var det 573 nordmenn som heitte Thue til etternamn.[3]

Kjende namneberarar endre

Etternamn endre

  • Jonas Thue, namnegjevar til Bryggeriet Tuborg (Thuesborg) på 1600-talet
  • Henning Junghans Thue (1815-1851), norsk filolog og litteraturhistorikar
  • Axel Thue (1863-1922), norsk matematikar
  • Kjell Thue (1919-2012), norsk jurist og radiomann
  • Oscar Thue (1928-1994), norsk kunsthistorikar
  • Anniken Thue (f. 1944), norsk kunsthistorikar og museumsdirektør
  • Trygve Thue (f. 1950), norsk gitarist og musikkprodusent
  • Ove Thue (f. 1951), norsk songar og forfattar
  • Hans Thue (f. 1955), norsk lokalpolitikar, ordførar i Nannestad
  • Kamilla Thue (f. 1978), norsk lokalpolitikar, ordførar i Eidskog

Kjelder endre

  1. «O. Rygh: Norske Gaardnavne», www.dokpro.uio.no, henta 14. juni 2021 
  2. «Nordiskt runnamnslexikon». 
  3. Søk etter norsk namnestatistikk for Thue hjå Statistisk Sentralbyrå