Axel Thue

norsk matematikar

Axel Thue (fødd 19. februar 1863 i Tønsberg, død 7. mars 1922) var ein norsk matematikar, som framfor alt er kjend for bidraga sine innanfor kombinatorikk.

Axel Thue
Axel Thue.jpg
Fødd19. februar 1863
Tønsberg
Død7. mars 1922
Christiania
NasjonalitetNoreg
Områdetalteori
Yrkematematikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
DoktorgradsrettleiarElling Bolt Holst
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Han tok hovudfag i 1889 og i 1903 vart han professor i anvendt matematikk ved Universitetet i Oslo. Arbeida til Thue var utprega originale, og særleg viktige er resultata hans om rasjonale tilnærmingar til algebraiske tal, mellom anna den thueske satsen, som seiar at visse ubestemte likningar i to variable berre kan ha ei endeleg mengd heiltalsløysingar. Andre arbeid han gjorde har seinare vorte viktig i samband med matematisk logikk.

Sjå ògEndra

Biografi (utdrag)Endra

  • Thue, A 1906: Über unendliche Zeichenreihen, Kra. Vidensk. Selsk. Skrifter. I Mat.-Nat.Kl., Christiana, Nr. 7, 1906.
  • Thue, A Über die gegenseitige Lage gleicher Teile gewisser Zeichenreihen,

Kra. Vidensk. Selsk. Skrifter. I Mat.-Nat.Kl., Christiana, Nr. 12, 1912.

KjelderEndra

  • Tysk og engelsk wikipedia
  • O'Connor, John J., and Edmund F. Robertson. «Axel Thue». MacTutor History of Mathematics archive.