Nancy Huston
Nancy Louise Huston (fødd 16. september 1953) er ein fransk forfattar av kanadisk opphav, fødd i Calgary og seinare busett i Paris. Ho skriv hovudsakleg på fransk og set om sine eigne verk til engelsk.
Nancy Huston | |
Pseudonym | Louise Beausire |
Statsborgarskap | Frankrike, Canada |
Fødd | 16. september 1953 (71 år) Calgary |
Yrke | lingvist, omsetjar, romanforfattar, skribent |
Ektefelle | Tzvetan Todorov |
Born | Léa Todorov |
Nancy Huston på Commons |
Huston skriv bøkene sine på fransk sjølv om ho ikkje lærte seg fransk før ho flytta til Paris. Sidan 1980 har Huston gjeve ut over nitten sakprosa- og skjønnlitterære bøker inkludert dei tre engelske versjonane av egne publiserte franske verk. Av romanane hennar har berre Histoire d'Omaya (1985) og Trois fois septembre (1989) ikkje blitt gjevne ut på engelsk.
Den fyrste romanen hennar, Les variations Goldberg (1981), blei løna med Prix Contrepoint. Ho omsette denne romanen til engelsk som The Goldberg Variations (1996).
Den neste store prisen hennar kom i 1993, då ho fekk Governor General's Awards for Cantique des Plaines. Prisen til Huston forårsaka ein del diskusjon blant litterære i Quebec, då forfattaren ikkje var fransk-kanadisk. I tillegg kom romanen fyrst ut på engelsk og deretter på fransk, og den engelske versjonen av romanen var aldri nominert til den engelskspråklege kategorien av prisen.
Prisar og utmerkingar
endre- Governor General's Awards 1993 for Cantique des plaines
- Prix Femina 2006
Verk
endre- Romanar
- 1981: Les Variations Goldberg, Seuil ; rééd. Actes Sud
- Inspiré du roman, publication en 2000 de Pérégrinations Goldberg, avec l'auteure, Freddy Eichelberger (clavecin) et Michel Godard (serpent), Livre et CD, Naïve Records
- 1985: Histoire d'Omaya, Seuil ; rééd. Actes Sud
- 1989: Trois fois septembre, Seuil ; rééd. Actes Sud
- 1993: Cantique des plaines, Actes Sud
- 1994: La Virevolte, Actes Sud ; rééd. J'ai lu
- 1996: Instruments des ténèbres, Actes Sud ; rééd. poche
- 1998: L'Empreinte de l'ange, Actes Sud
- 1999: Prodige, Actes Sud
- 2001: Dolce agonia, Actes Sud
- 2003: Une adoration, Actes Sud
- 2006: Lignes de faille, Actes Sud ; rééd. poche
- 2008: L'Espèce fabulatrice, Actes Sud
- 2010: Infrarouge, Actes Sud
- 2013: Danse noire, Actes Sud
- 2014: Bad Girl, Actes Sud
- 2016: Le Club des miracles relatifs, Actes Sud
- 2018: Lèvres de pierre, Actes Sud
- 2019: Rien d'autre que cette félicité, Leméac/Éditions Parole
- 2021: Arbre de l'oubli, Actes Sud
- 2024: Francia, Actes Sud
- Anna
- 2011: Démons quotidiens, avec Ralph Petty, L'Iconoclaste
- 2014: Bad Girl. Classes de littérature, Actes Sud
- 2017: Sensations fortes, Actes Sud
- 2023: Choses dites, L'Iconoclaste. Diktsamling
- Teaterstykke
- 2002: Angela et Marina: tragicomédie musicale, en collaboration avec Valérie Grail, Actes Sud-Papiers
- 2008: Mascarade, avec Sacha Huston, Actes Sud junior - théâtre jeunesse
- 2009: Jocaste reine, Actes Sud
- 2011: Klatch avant le ciel, Actes Sud
- 2023: En fleur et en os, Aethalidès
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nancy Huston» frå Wikipedia på svensk, den 8. september 2024.