Opna hovudmenyen

Böyük Zirə, òg kjend som Nargin, er ei folketom øy utanfor Bakubukta i Aserbajdsjan.

Böyük Zirə
Nargin
øy
Boyuk Zira island's map.png
Land Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan
Stad Bakubukta
 - koordinatar 40°17′38″N 49°55′18″E
Lengd 3,1 km
Azerbaijan adm location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Boyuk Zira

Nargin er ein del av Bakuøyane, som elles består av øyane Dasj Zira, Kitsjik Zira (Qum eller Sandøya), Zenbil, Sangi-Mugan, Tsjikil, Qara Su, Khara Zira, Gil, Ignat Dasj og nokre mindre øyar.

Nargin er den største øya som skil Bakubukta frå havet sør for Absjeronhalvøya. Øya er 3,1 km lang og opp mot 900 meter brei. Nordvestsida av øya er vertikal og bratt. Det er lite vegetasjon på øya.

Kaspisk sel, stør, og fleire typar fugl som krikkand, gråmåse og lappdykkar.

HistoriaEndra

Eit fyr med roterande lys vart bygd på øya i 1814. Øya var tidlegare nytta som sovjetisk militærbase og mange marinefartøy ligg søkkte på nordsida av øya.

 
Panoramabilete av Nargin.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Böyük Zirə