Narjan-Mar
Narjan-Mar (russisk Нарьян-Мар) er ein by i Russland med om lag 19 000 innbyggjarar og hovudstad i det autonome distriktet Nenetsia. Byen ligg ved elva Petsjora, 119 km frå Barentshavet. Byen har hamn for havgåande skip. Namnet tyder «raud by» på nenetsisk. Han fekk bystatus den 10. mars 1935, seks år etter grunnlegginga av byen og Nenetsia (1929).
Narjan-Mar Нарьян-Мар | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Nenetsia | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1929 1935 | ||||
Geografi | |||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
19 275 | ||||
Koordinatar | 67°38′28″N 53°2′41″E / 67.64111°N 53.04472°E | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Retningsnummer (tlf) | +7 81853 | ||||
Bilnummer | 83 |
Utvikling av folketalet
endreÅr | Folketal |
---|---|
1958 | 11 400 |
1997 | 17 000 |
2000 | 18 500 |
Økonomi
endreByen har ei viktig hamn, for trafikken frå Petsjora og ut i ope hav, og ein flyplass, for trafikk med rutefly til og frå Arkhangelsk og Moskva, og med små dobbeldekkarar ut på vidda. Byen er eit viktig senter for fiskeria, dei har fiske- og sagbruksindustri, og eit slakteri for rein. Nenetsia har fleire rike oljefunn, og både russiske og vestlege oljeselskap har verksemd i Narjan-Mar.
Historia
endreNarjan-Mar vart grunnlagt som administrativt senter for det autonome området i 1932, og fekk bystatus i 1935. I Sovjettida var byen lukka område. Etter sovjettida har Narjan-Mar fått ei meir internasjonal rolle, m.a. som administrativt senter for ein av medlemsregionane i Barentsregionen.