Narva (estisk Narva jõgi) eller Narova er ei elv som renn langs grensa mellom Estland og Russland. Ho har sitt utspring frå innsjøen Peipus, og renn gjennom byane Narva/Ivangorod og Narva-Jõesuu, og ut i Narvabukta, som er ein del av Finskebukta i Austersjøen. Narvareservoaret er ein kunstig innsjø (191 km²), som vart oppretta i 1956. Lengda på elva er 77 km, og har ei gjennomsnittleg breidd på 300 meter og ei djupn på 5 meter. Den største sideelva hennar er Pljussa.

Narva
elv
Narva med Narva slott til venstre og Ivangorod slott til høgre
Land  Russland,  Estland
Nedslagsfelt 53 000 km²
Lengd 77 km
Middelvassføring 400 /s
Kjelde Peipus
 •  høgd 30 moh.
Munning Finskebukta
Kart
Narvaelva
58°59′14″N 27°43′49″E / 58.9873°N 27.7303°E / 58.9873; 27.7303
Wikimedia Commons: Narva River

Elva har gjeve namn til Narva-kulturen.