Nashville
(Omdirigert frå Nashville, Tennessee)
Nashville er ein by i delstaten Tennessee i USA. Byen er sidan 1843 hovudstad i delstaten og har ikring 635 000 ibuarar (2013). Byen er administrasjonssenter for Davidson County. Nashville ligg ved elva Cumberland, sentralt i delstaten.
Nashville | |||
by | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Areal | 1 367,25 km² | ||
Folketal | 689 447 (2020)[1] | ||
Nashville 36°09′44″N 86°46′28″W / 36.162222222222°N 86.774444444444°W | |||
Wikimedia Commons: Nashville, Tennessee |
Byen er eit senter for musikk, helsestell, forlagsdrift, bank- og transportnæringar. Fleire college og universitet har base i byen. Nashville er særleg kjend som eit senter i musikkindustrien og ber kallenamnet «Music City»; musikkbyen.
Nashville, som vart grunnlagd i 1784, er den nest mest folkerike byen i Tennessee, einast Memphis har fleire ibuarar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nashville» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mai 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.census.gov/search-results.html?q=Nashville&page=1&stateGeo=none&searchtype=web&cssp=SERP&_charset_=UTF-8; vitjingsdato: 3. april 2023.