Tennessee er ein delstat i søraustlege USA. Hovudstaden er Nashville medan Memphis er den største byen. Namnet «Tennessee», som delstaten deler med Tenessee-elva, kjem frå cherokeenamnet på landsbyen Tanasi.

Tennessee
delstat
Flagg
Våpen
Land  USA
Del av det kontinentale USA
Hovudstad Nashville
Areal 109 151 km²
 - land 106 752 km²
 - vatn 2 399 km²
Folketal 6 715 984  (2017)
Folketettleik 63 / km²
Guvernør Bill Lee (R)
Før innlemming Sørvestterritoriet
Innlemma i USA 1. juni 1796
Statsnummer 16.
Forkorting TN
Kart
Tennessee
36° N 86° W
Wikimedia Commons: Tennessee
Nettstad: tennessee.gov

Tennessee strekker seg frå Appalachane i aust, der delstaten grensar til Nord-Carolina, til Mississippi-elva i vest, der han grensar til Arkansas og Missouri. I nord grensar Tennessee til Kentucky og Virginia og i sør til Alabama, Georgia og Mississippi

Delstaten har vore viktig i utviklinga av amerikansk musikk. Særleg i Appalachane har folkemusikk av skotsk og irsk opphav blomstra. Seinare utvikla country og bluegrass seg frå denne folkemusikken, med Nashville som eit viktig sentrum. Tidleg på 1900-talet var Memphis ein viktig by i utviklinga av blues, og i 1950-åra var det her Elvis Presley bidrog til å blanda blues og country til rock'n'roll.

Kjende personar frå Tennessee endre

Kjelder endre

  • «Tennessee» (2011), Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.