Opna hovudmenyen
Partiets logo på ein vegg

Nasjonalalliansen («Alleanza Nazionale», AN) var eit italiensk politisk parti med røter i det nyfascistiske Movimento Sociale Italiano. Partiet vart grunnlagt i 1994 etter MSI sitt allmøte i Fiuggi. Nasjonallalliansen inkluderer også konservative delar av det tidlegare Democrazia Cristiana. Partileiar er Gianfranco Fini. Den politiske ideologien vert i dag ofte karakterisert som nasjonalkonservativ. Partiet har vore ein nær samarbeidspartnar av Silvio Berlusconis Forza Italia sidan skipinga.

Eit tidlegare partimedlem er Alessandra Mussolini, som braut med partiet då Gianfranco Fini tok avstand frå bestefar hennar, Benito Mussolini.

Ved parlamentsvalet i 2008 stilte Alleanza Nazionale som ein del av valalliansen Il Popolo della Libertà. Denne alliansen vart omdanna til eit politisk parti i 2009 og Alleanza Nazionale opphøyrde då å eksistere.

Spire Denne Italiaartikkelen som har med politikk å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.