Silvio Berlusconi

Silvio Berlusconi (fødd 29. september 1936) er ein italiensk politikar og mediemagnat. Han har vore statsminister i Italia tre gonger: Frå 2001 til 2006, i ein kort periode frå 1994 til 1995, og frå 5. mai 2008 til 16. november 2011.

Silvio Berlusconi
Silvio Berlusconi 2018.jpg
Fødd29. september 1936 (85 år)
Milano
Statsborgar avItalia
PartiForza Italia, Fridomsfolket, Forza Italia
Yrkepolitikar, gründer, mediabaron, teaterregissør, advokat
InstitusjonarA.C. Milan
Utdanna vedUniversità degli Studi di Milano
MorRosa Bossi
FarLuigi Berlusconi
EktefelleVeronica Lario, Carla Dall'Oglio
BarnPier Silvio Berlusconi, Barbara Berlusconi, Marina Berlusconi, Luigi Berlusconi, Eleonora Berlusconi
MedlemPropaganda Due
Europarådets parlamentarikerforsamling
VervStatsminister i Italia 1994-1995
FøregangarCarlo Azeglio Ciampi
EtterfylgjarLamberto Dini
VervStatsminister i Italia 2001-2006
FøregangarGiuliano Amato
EtterfylgjarRomano Prodi
VervStatsminister i Italia 2008-2011
FøregangarRomano Prodi
EtterfylgjarMario Monti
Silvio Berlusconi i 2005.

Han er leiar for partiet Forza Italia som han grunnla sjølv då han byrja med politikk. Berlusconi eig òg ein stor del av italiensk media og har gjennom desse gode moglegheiter til å påverke italiensk opinion. Han har dessutan interesser i mange andre delar av næringslivet. På slutten av 1970-talet byrja han i mediebransjen, og i 1980 starta han den fyrste kommersielle fjernsynskanalen i landet, Canale 5, og selskapet hans, Mediaset kontrollerer tre av dei sju store fjernsynskanalane i Italia (Italia 1, Rete 4 og Canale 5). Han er hovudaksjonær i det største forlaget i Italia, Mondadori, og eig mellom anna. fotballklubben AC Milan, forsikringsselskap og reklamebyrå. Han har vore tiltala for korrupsjon fleire gonger.

Berlusconi er fødd i Milano. Han har fem ungar frå dei to ekteskapa sine.