Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress

Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS; bokmål Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress) er eit norsk statleg forskingsinstitutt i Oslo som driv forsking, undervising, rådgjeving og formidling innan valds- og traumefeltet, med særleg vekt på katastrofehandtering og stressmeistring, traumatiserte flyktningar, soldatar, hjelpearbeidarar og overlevande etter ulukker, og vald og overgrep i nære relasjonar. NKVTS er tverrfagleg og har tilsette med bakgrunn innan medisin (herunder psykiatri og pediatri), psykologi, jus, sosiologi, kriminologi og andre fag. Senteret har 73 tilsette (2014).[1]

NKVTS

NKVTS er ein del av Universitetet i Oslo gjennom universitetet sitt heilåtte selskap Unirand, men vert finansiert direkte av regjeringa. Senteret samarbeider nært med Det medisinske fakultetet, Psykologisk institutt og Det juridiske fakultetet, der fleire av forskarane til senteret har bistillingar eller hovudstillingar som professor.

NKVTS vart oppretta i 2004 gjennom ei samanslåing av Psykososialt senter for flyktningar ved UiO, Senter for krisepsykologi ved UiO, Kompetansesenter for valdsofferarbeid, Nasjonalt ressurssenter for seksuelt misbrukte barn og deler av Kontoret for katastrofepsykiatri ved UiO og Forsvarets sanitet. Etableringa av senteret skjedde etter initiativ frå Helsedepartementet, Justisdepartementet, Forsvarsdepartementet, Sosialdepartementet og Barne- og familiedepartementet, som i hovudsak finansierer verksemda til senteret.[2]

NKVTS har kontor i Gullhaugveien 1–3 i Nydalen i Oslo, rett ved sida av Handelshøgskolen BI. Fram til 2013 heldt NKVTS til ved Oslo universitetssjukehus, Ullevål.

Kjelder

endre

Fotnotar

endre

Bakgrunnsstoff

endre