Natalija Jurtsjenko

Natalija Vladimirovna Jurtsjenko (fødd 26. januar 1965) er ein russisk-fødd tidlegare turnar frå Norilsk som representerte Sovjetunionen. Ho vart i 1983 verdsmeister i mangekamp i Budapest, i den same meisterskapen og to år seinare vann ho VM-gull med Sovjetunionen i lagtevlinga. Jurtsjenko var ein nyskapande turnar, særleg kjent som opphavsperson til Jurtsjenko-hoppet.[1]

Natalija Jurtsjenko
Statsborgarskap Russland, Sovjetunionen
Fødd 26. januar 1965 (59 år)
Norilsk
Idrett turn
Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Karriere endre

Aktiv turnar endre

Jurtsjenko vart sovjetmeister i 1982. Ho imponerte stort då ho under verdscupfinalen 1982 i Zagreb sigra i så vel mangekamp som i hopp og på bom. År 1983 vann ho alle øvingane ved universiaden og i sovjet-meisterskapen, med unnatak for frittståande. Ho gjekk til topps i mangekampen under verdsmeisterskapen i Budapest, undervegs oppnådde to blanke 10-iarar. I tillegg vann ho gull i lagtevlinga, men etter ho skada seg i hoppfinalen trekte ho seg frå dei andre apparatfinalane.

I 1985 vann Jurtsjenko, bortsett frå hopp og bom, alle tevlingane ved universiaden. Ho bidrog sterkt til at Sovjetunionen vann lagtevlinga under Turn-VM 1985, individuelt vart ho i nummer 6 i mangekampen og to av apparatfinalane.

Trenar endre

Ho utvandra til USA i 1999. Ho var trenar ved klubben LVSA i Pennsylvania i nær ni år, og deretter ved Parkettes National Gymnastics Training Center i Pennsylvania og Lakeshore Academy of Artistic Gymnastics i Chicago.[2] In June 2015, she opened her own gymnastics academy, C.I.T.Y. Club Gymnastics Academy, in Chicago's South Loop.[3]

Kjelder endre

  1. Astor, Maggie (24. juli 2021). «Your Guide to Olympics Gymnastics: Vault». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 24. oktober 2022. 
  2. http://lakeshoreacademy.com/ Lakeshore Academy of Artistic Gymnastics
  3. «C.I.T.Y. Club Gymnastics Academy». 

Bakgrunnsstoff endre