Opna hovudmenyen
Plakat for Nationalmuseum

Nationalmuseum er eit svensk statleg sentralmuseum i Stockholm, og det største kunstmuseet i Sverige. Det har samlingar av måleri, skulptur og kunst på papir frå kring 1500-talet til 1900-talet, og dessutan kunsthandverk- og designgjenstandar frå 1500-talet til notida. Totalt omfattar samlinga rundt 700 000 gjenstandar. Museet ligg på Blasieholmen i Stockholm, i ein bygning som vart teikna for føremålet av den tyske arkitekten Friedrich August Stüler. Bygningen stod ferdig i 1866, men historia til museet går heilt attende til 28. juni 1792 då Konglig Museum vart oppretta. Museet er dermed eit av dei eldste kunstmusea i Europa.[1]

KjelderEndra

  1. Bjurström & Erik 1992, s. omslag, baksida.