Naturhistorie er ei samnemning for dei faga som studerer naturen, slik som geologi, botanikk og zoologi. Nemninga blir dels nytta for å beskrive interessefelta til tidlegare tiders naturforskarar (dvs. før midten av 1800-talet), men òg for å beskrive formålet med dei naturhistoriske musea. Naturhistorie blir dermed den delen av den moderne naturvitskapen som handlar om innsamling og systematisering av objekt som plantar, dyr og berggrunnsprøver.

Ephraim Chambers (1728) Cyclopaedia

Omgrepet naturhistorikar, i den grad det blir brukt i norsk, betegner tidllegare tiders naturforskarar som studerte desse temaa og som i dei fleste tilfelle, var interessert i og kompetente innanfor alle greiner av naturhistoria. Desse tidlegare tiders naturhistorikarar, hadde berre unnataksvis stillingar innanfor naturhistorie: nokre var teologar som Gunnerus (eller forsåvidt Darwin), medan andre var medisinarar som Printz (eller Linné). I tillegg har ein dei som ikkje hadde noko særleg utdanning innanfor desse tema i det heile, som f.eks. Havaas (eller Wallace).