Naturhorn er horn eller trompetar utan ventilar som berre gjev naturtonar.[1] Naturhorn har historisk hatt seremoniell funksjon eller vore brukt ved jakt.[2][3]

Naturhorn frå 1794-1857, no i samlinga til det svenske Scenkonstmuseet.

Naturhorn eller naturtrompetar er vanlegvis laga i metall, tre, horn, elfenbein eller andre materiale. Nokre døme på naturhorn er lur, sjofar og abeng. Ein kan sjå på naturhorn som forløparar til dagens messingblåseinstrument. På 1600- og 1700-talen oppstod det sirkelforma posthornet og det engelske jernhornet og til slutt valthornet. På 1800-talet blei dei første trompetinstrumenta med to (seinare tre) ventilar laga, noko som gjorde at instrumenta kunne spela fleire tonar. Overgangsforma mellom naturhorn og moderne ventilhorn blir kalla klaffehorn.

Kjelder endre

  1. «naturhorn – musikk». Store norske leksikon (på norsk). 22. februar 2017. 
  2. Norlind, Tobias: Musikinstrumentens historia : i ord och bild, 1941, s. 89-96. 
  3. «horn. Nationalencyklopedin». Henta 14. november 2017.