Sjofár
Ein sjofár er eit bukkehorn utan fingerhol bruka som signalinstrument i jødiske ritual — særleg i samband med rosj hasjaná (jødisk nyår) og jom kippúr (soningsdagen).
Kva horn blir bruka?
endreUlike typar horn blir bruka i ulike tradisjonar. Askenasiske jødar brukar oftast dei relativt korte horna av vêr (bekre) eller geitebukk. Jemenittiske jødar brukar derimot oftast dei lange og korketrekkjarforma horna av kuduar.
Korleis blæs ein i sjofáren?
endreSjofáren er kappa av og uthola i den tynne enden, der ein blæs med same teknikk som for waldhorn eller norsk bukkehorn. Det finst tre grunnleggjande signal:
Kva tid?
endrePå kvar av høgtidsdagane rosj hasjaná (to dagar) og jom kippúr blir det i vår tids tradisjonelle jødiske gudstenester blåse 100 signal — berre med unntak av når ein av desse dagane havnar på sjabbát (laurdag), når det i vår tid stort sett blir rekna som forbode å blåse i sjofáren.
Askenasiske jødar blæs òg i sjofáren kvar dag i månaden elúl utanom på sjabbát.
Fredag
endreI sefardisk jødedom har det tildels vore vanleg å blåse i sjofáren kvar fredag som ei påminning om den kommande helgedagen.