Sjømil
Sjømil vart tidlegare brukt for å måle avstandar på sjøen, og tilsvarer omtrent 4 nautiske mil.
Før meterkonvensjonen vart innført i 1875, vart sjømila rekna til 3950 famner, det vil seie 7435 m. I 1875 vart det bestemt at ei sjømil skulle vere lik ei geografisk mil, som var 1⁄15 av ein ekvatorgrad, eller 7421 m. Ei sjømil vart da fire bogeminutt, eller fire kvartmil, kvar på 1855,2 m.
Sjømila og kvartmila gjekk ut av bruk i 1929, då den internasjonale nautiske mila (nøyaktig lik 1852 m) vart innført. Omgrepet sjømil vart likevel bruka om den nye internasjonale nautiske mila i daglegtale slik at ei sjømil og ei nautisk mil i moderne norsk er synonym og vert bruka om kvarandre.[1]
Kjelder
endre- ↑ «Bokmålsordboka | Nynorskordboka», ordbok.uib.no, henta 1. juli 2020