Nauvoo i Illinois

Nauvoo (/ˈnɔːv/ NAW-voo; frå hebraisk נָאווּ, Navu, 'dei er vakre') er ein busetnad i Hancock County i Illinois i USA. Han ligg ved Mississippielva i nærleiken av Fort Madison i Iowa. Ved folketeljinga i 2020 hadde Nauvoo eit folketal på 950. Nauvoo har viktig historisk og religiøs tyding for fleire trussamfunn: Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage (Church of Jesus Christ of Latter-day Saint); Kristi Samfunn (Community of Christ), andre grupper knytte til Siste dagars heilage og Icarians. Byen og nærområdet hans står på lista National Register of Historic Places som Nauvoo Historic District.

Nauvoo
busetnad
Land  USA
Stat Illinois
Areal 12,502551 km²
Folketal 950 (1. april 2020)[1]
Kart
Nauvoo i Illinois
40°33′00″N 91°23′06″W / 40.55°N 91.385°W / 40.55; -91.385
Wikimedia Commons: Nauvoo, Illinois

Historie endre

 
Måleri frå 1859 av Johann Schroder av Nauvoo sett frå den andre breidda av Mississippi.

Den opphavlege busetnaden blei kalla Quashquema, til ære for urfolksleiaren for ein busetnad for sauk- og foxfolk med nær 500 bustader. I 1827 hadde kvite nybyggjarar bygd stover i området. I 1829 hadde denne delen av Hancock County blitt såpass folkesett at ein trengte ei postkontor. I 1832 var byen, som då var kalla Venus, ein av kandidatane til å bli fylkessete, men denne æra endra opp i Carthage. I 1834 blei namnet Venus endra til Commerce, fordi nybyggjarane meinte det passa planane deira betre.

Seint i 1839 kjøpte den nye trusretninga Siste dagars heilage byen. I april 1840 døypte leiaren deira Joseph Smith han om til Nauvoo.[2] Siste dagars heilage, eller mormonarane, hadde kome til Nauvoo for å unnsleppa konflikten med dei statlege styresmaktene i Missouri. Namnet er ein anglifisert stavemåte avleidd frå hebraisk. Orda opptrer i Jesaja 52:7 («Kor vakre dei er, der dei spring over fjella»).[3] I 1844 hadde Nauvoo 12 000 innbyggjarar, ein storleik som kunne samanliknast med den til Chicago.[4][5]

 
Gravering av Nauvoo rundt 1855

Etter at Joseph Smith blei drepen i 1844, gjorde trugselen om vald frå utanforståande til at dei fleste siste dagars heilage-medlemmar forlet Nauvoo.[6] Dei fleste av desse, under leiing av Brigham Young, flytta til Great Salt Lake Valley. I 1849 flytta icarians til Nauvoo-området for å skipa ein utopisk sosialistisk fellesskap basert på ideala til den franske filosofen Étienne Cabet. Denne kolonien hadde nesten 500 medlemmar på sitt største,[7] men etter at Cabet døydde i 1856 gjekk han tilbake.

Etter icariarane blei Nauvoo den største tysktalane busetnaden i Illinois, noko han blei verande i femti år. Tysk var utbreidd i byen og i dei katolske, lutherske, presbyterianske og metodistiske kyrkjene der.[8] På denne tida var vinmaking og fruktdyrking viktige næringsvegar i Nauvoo. Kjende folk frå denne tida var den sveitsiske forfattaren Heinrich Lienhard. Under fyrste verdskrigen slutta dei fleste tysktalarane å bruka tysk og offentlege, og bruken av tysk gjekk heilt tilbake ved andre verdskrigen.[9]

Nauvoo i nyare tid endre

I dei høgare delane av byen ligg tempelet, bustadsområde og forretningsdistriktet langs Mulholland Street (Illinois Route 96), som i stor grad er vigd turisme og lokalhistorie. I dei lågareliggjande flatlandsområda ligg nokre få mursteinsbygningar frå 1800-talet og andre leivningar av bygningar, med store tomme område imellom der hus og heile nabolag har forsvunne.

Community of Christ eig mykje av sørdelen av flatlandsområdet, og vedlikeheld fleire viktige historiske stader i og rundt Nauvoo, som Joseph Smith Homestead, Nauvoo House, Red Brick Store, Mansion House og Smith Family Cemetery.

The Church of Jesus Christ of Latter-Day Saints eig dei fleste andre historiske stadene i Nauvoo, som husa til Brigham Young, Heber C. Kimball og andre tidlege medlemmar av kyrkja, i tillegg til andre viktige bygg. Det finst også eit stort besøkssenter med eit kart i relieff av Nauvoo i 1846.

I 2002 fullførte Church of Jesus Christ of Latter-Day Saints eit nytt tempel på staden der det opphavlege Nauvoo Temple hadde stått.

Næringsliv endre

Nauvoo Blue Cheese byrja produsera ost her på 1930-talet. Ein fann ut at dei kalde, fuktige vinkjellarane i området var ideelle til å lagra ost i. I 2003 blei Nauvoo Cheese kjøpt opp av matføretaket Saputo, som flytta produksjonen ut frå Nauvoo.

Vinproduksjonen i området såg ein tilbakegang i forbodstida. Nauvoo husar likevel Baxter's Vineyards, den eldste etablerte vingarden i Illinois skipa av Emile Baxter i 1857.[10][11][12]

Turisme er den viktigaste næringsvegen i Nauvoo. Nauvoo Restoration Inc. har kring 30, medan rundt 200 uløna misjonærar frå Church of Jesus Christ of Latter-Day Saints bidreg til den lokale næringa i turistsesongen.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
  2. Historical Encyclopedia of Illinois and History of Hancock County, Vol. II. Chicago: Munsell Publishing Company. 1921. 
  3. Jesaja 52,7
  4. American Experience: The Mormon's.
  5. Hoyt, Homer (1933). One Hundred Years of Land Values in Chicago. University of Chicago. s. 49–50. ISBN 1-58798-016-9. 
  6. «Mormons begin exodus to Utah - Feb 10, 1846». History.com. Henta 10. mai 2018. 
  7. Blum, Ida (1969). Nauvoo—An American Heritage. Carthage, IL: Journal Printing Company. 
  8. Blum, Ida (1969). Nauvoo—An American Heritage. Carthage, IL: Journal Printing Company. 
  9. «Nauvoo German-Icarian History». Beautiful Nauvoo. Henta 29 July 2022. «The most German speaking town in Illinois» 
  10. «Baxter History». Baxter's Vineyards & Winery. 23. august 2007. Arkivert frå originalen 23. august 2007. 
  11. «Illinois wine country». EnjoyIllinois.com. 11. september 2003. Arkivert frå originalen 11. september 2003. 
  12. «Visitor information». Nauvoo Tourism office. Arkivert frå originalen 27. september 2016. Henta 24. september 2016. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nauvoo i Illinois