Nazca er ein by i Ica-regionen i Peru, og hovudstaden i Nazcaprovinsen. Byen har eit folketal på om lag 30 000 (1996) og ligg like ved nazcalinjene. Det har derfor skjedd eit økonomisk oppsving grunna turismen som følgjer med. Byen har fleire hotell og restaurantar, i tillegg til reisebyrå der ein kan kjøpe flyturar over nazcalinjene. Det finst ein småflyplass like ved byen. Ved Plaza de Armas ligg eit museum med keramikk frå nazcakulturen.

Plaza de Armas, Nazca. Foto: Robert Thompson
Sjå òg nazcakulturen, nazcalinjene og kontinentalplata nazca.

KjelderEndra

  • Rob Rachowiecki, Peru, 3. opplag, Lonely Planet (1996)