Nazcalinjene er «geoglyfar», store figurar laga som riss i ørkenoverflata på pampasen ved byen Nazca i Peru. Dei strekkjer seg ut frå Nazca mot byen Palpa over ein distanse på nær 60 km. Området er ekstremt tørt og sjeldan utsett for vind, delar av området med flest figurar er flatt. Figurane (geoglyfane) er avteikningar av plantar, dyr, fuglar og eit stort knippe geometriske former, ofte sett saman av lange rette linjer som i trapesfigurane. Dei naturalistiske teikningane inkluderer ein kolibri, ein apekatt, ei vevkjerring og ein blekksprut, for å nemne nokre av dei meir enn 300 teikningane. Dateringa av figurane ligg mellom år 200 og 600.

Satellittbilete over del av pampasen med nokre av linjene.

Korleis linjene kan ha vorte til endre

Jordsmonnet i ørkenen er av leire og kalkhaldig sand, dekt av malmhaldig grus som har fått eit jarnoksiddekkje på overflata. Den malmhaldig grusen er få centimeter tjukk. Når ein tar bort det øvste laget, til dømes i ei smal linje, vil farga i den lyse ørkenjorda under danne kontrast til urørt mørkare oksidert ørkengrus. Nazcalinjene er synlege ovanfrå og står fram som lyse fordi det øvste laget av ørkengrus er fjerna. I praksis kan det ha skjedd ved at menneske har tråkka ned det øvste laget eller dei kan ha skrapa furer i overflata.

Oppdaginga endre

 
Luftfoto av ein teikning av ein kolibri.
Foto: Bjarte Sorensen

Figurane vart først oppdaga då det kom i gang flyruter over den peruanske ørkenen i 1920-åra. Passasjerar hevda då at dei observerte primitive «landingsstriper» på bakken.

Toribio Mejia Xesspe, ein peruansk arkeolog var den første vitskapsmann som frå 1927 synte interesse for det som han kalla «stor inkaseremoniell kunst».

Hensikt eller forklaringar endre

Eit mogleg formål med teikningane kan vere det som lokale bufaste skal ha hevda, at det indianske urfolket utførte religiøse ritual på desse gigantiske teikningane, for å sikre at vatn ville fortsette å renne ned frå Andes. Det har òg vore spekulasjonar knyter til astronomiske formål med linjene, men det finst ingen underbygd teori kring det.

Annan informasjon endre

Rett sør om nazcalinjene er det oppdaga eit tidlegare seremonielt senter, Cahuachi, som kan ha vore brukt av folket som laga figurane.

Området med linjer og teikningar blei sett på UNESCO si verdsarvliste i 1994.

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Aveni, Anthony F. (red.). The Lines of Nazca. American Philosophical Society, Philadelphia (1990). ISBN 0-87169-183-3
  • Bauer, Susan Wise. The Story of the World, Vol. 1 Peace Hill Press (2001). ISBN 0-9714129-0-1
  • Lambers, Karsten. The Geoglyphs of Palpa, Peru: Documentation, Analysis, and Interpretation. Lindensoft Verlag, Aichwald/Germany (2006). ISBN 3-929290-32-4

Bakgrunnsstoff endre