Nebbmunnar
Carpocoris fuscispinus
Carpocoris fuscispinus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Underklasse: Flygande insekt Pterygota
Infraklasse: Neoptera
Orden: Nebbmunnar Hemiptera
Linnaeus, 1758

Nebbmunnar (Hemiptera) er ein orden insekt som vert kjenneteikna av eit ledda nebb (rostrum). Dei finst i så godt som alle tenkjelege habitat over heile verda, og det er kjent om lag 85 000 artar. Norsk Entomologisk Forening reknar med at 1 320 av dei førekjem i Noreg.

Kjenneteikn endre

Det fremste kjenneteiknet til nebbmunnane er nebbet som har gjeve gruppa det norske namnet sitt. Dette er stikkande og sugande munndelar som saman dannar ein ledda «sugesnabel». Det latinske namnet Hemiptera («halv-vengjer») spelar på at dei fleste artane i gruppa har vengjer som er harde og sklerotiserte ved basis og membranøse på nedste halvdel. Protonum, ryggskjoldet på første segment, er stort.

Kjelder endre