Nedalshytta
62°58′42.9″N 12°6′7.0″E / 62.978583°N 12.101944°E
Nedalshytta er ei turisthytte i Sylan i Tydal kommune i Trøndelag, som ligg 780 moh. ved austbreidda av den oppdemte Nesjøen.
Hytta høyrer til Trondhjems Turistforening og vart opphavleg bygd i 1897. I 1970 vart hytta riven på grunn av regulering av Neavassdraget. Den noverande hytta vart teken i bruk i 1972. Nedalshytta har 94 senger, derav 70 i betent kvarter.
Kjelder
endre- «Nedalshytta» i Store norske leksikon, snl.no.