Nederlaget er eit skodespel av den norske forfattaren Nordahl Grieg, utgjeve i 1937.

Handlinga er lagt til Pariskommunen i 1871, og stykka følgjer langt på veg dei historiske hendingane rundt dette revolusjonære opprøret. Hovudrolla er den pasifistiske lærerinna Gabrielle Longevin, men har òg historiske skikkelsar som Gustave Courbet og president Thiers i rollene.[1]

Den grunnleggjande problemstillinga til stykket er i kva grad det vonde kan kjempast mot med vondt. I stykkjet tapar dei gode kreftane, då opprørarane mot slutta av stykket vert avretta.[treng kjelde]

I samtida vart stykket oppfatta i lys av Franco-diktaturet og den spanske borgarkrigen.[treng kjelde]

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Grieg, Nordahl (1937). Rolleliste. Nederlaget (Gyldendal). 

Bakgrunnsstoff endre