Jean Désiré Gustave Courbet (10. juni 181931. desember 1877) var ein fransk kunstmålar. Han var fødd i landsbyen Ornans ved Besançon i Frankrike, og døydde i La-Tour-de-Peilz i kantonen Vaud i Sveits. Courbet er kjend som den første store realisten i kunsthistoria, og vert rekna som han som gav namn til kunstretninga «realisme».

Gustave Courbet

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 10. juni 1819
Ornans
Død

31. desember 1877 (58 år)
La Tour-de-Peilz

Yrke kunstmålar, bilethoggar, kommunard, teiknar
Sjanger portrett, dyremåleri, sjangermåleri, landskapsmåleri, akt, stilleben
Medlem av Commune Council
Gustave Courbet på Commons

Eg er femti år gammal og har alltid levd i fridom; la meg ende livet mitt fri; når eg er død, la dette verte sagt om meg: «Han høyrde til ingen skule, inga kyrkje, ingen institusjon, ikkje noko akademi, han høyrde minst av alt til eit regime, bortsett frå fridomens regime.

Gustave Courbet

Liv og gjerning endre

Courbet kom frå ei velståande bondefamilie i Jura i det austlege Frankrike. Etter eit kort jus-studium forlet han heimbyen Ornans i 1839, for å verte kunstnar i Paris. Dei første åra i Paris brukte han til å studere og kopiere meisterverk frå renessansen og barokken i musea i byen.

Inspirert av forfattarane Victor Hugo og Georges Sand måla han landskap og portrett i romantisk stil. Etterkvart vart han meir påverka av spanske og nederlandske målarar som Zurbarán, Velázquez, Frans Hals og Rembrandt. Møtet med desse kunstnarane sine jordnære framstillinger av verda, styrkte Courbets oppfatning om at kunsten skulle vise det verkelege liv og folks daglege erfaringar, meir enn opphøgde og forskjønna ideal.

Salongen i Paris endre

I 1844 fekk Gustave Courbet for første gong stille ut måleri på den viktige, men svært konservative salongutstillinga. Dei følgjande åra reiste Courbet fleire gonger til Belgia og Nederland, der han heldt fram studiane av dei gamle meisterane og skaffa seg både kjøparar og vann seg godt ry for sin eigen kunst. Han opplevde at publikum utanfor Frankrike verdsette dei realistiske tendensane i kunsten høgre enn heimepublikum, der den romantiske kunsten og Salongen sin akademiske stil var rådande.

I Paris danna det seg utover på 1840-talet ein liten sirkel av realistar. Courbet vart her kjend med andre målarar som Honoré Daumier og Alexandre Décamps, og forfattaren og kritikaren Charles Baudelaire. Realistane vart gjentekne gonger refusert på Salongen, noko som baud på problem, sidan det å stille ut der var viktig for å verte i stand til å klare seg som kunstnar. Februarrevolusjonen i 1848 førte til ei kortvarig oppmjuking av dei strenge reglane for Salongutstillinga, og Courbet fekk tatt inn fleire arbeid.

 
Ei gravferd i Ornans (Un enterremnet à Ornans), 1849-50

Ei gravferd i Ornans endre

Courbets endelege gjennombrot som kunstnar kom i 1850, då han stilte ut det monumentale måleriet Ei gravferd i Ornans på Salongen. Biletet, som målar over 314 cm gonger 663 centimeter, framstiller ei gravferd i Courbet sin heimby. Hovudpersonane er dei vanlege landsbybuarane, kvinner, menn og prestar. Det vekte oppsikt at han skildra kvardagslege scener i eit format som var reservert kongelege, eller til storslagne historiemåleri. Courbet vart lagt merke til av både kritikarar og publikum. Fransk allmente fekk augo opp for dei realistiske bileta, som tala meir direkte til folk, enn kva den overdådige og idealiserande, romantiske kunsten gjorde. Sjølv uttala Courbet om måleriet at «Gravferda i Ornans var i røyndomen gravlegginga av romantikken».

Skandalar og opprør endre

Courbet var heile livet ein opprørar mot det beståande og den etablerte smak. I 1853 stilte han ut måleriet Badarane på Salongen. Bilet viser badande kvinner, heilt utan forsøk på idealisering eller forskjønning av kvinnekroppen. Måleriet vart ei skandale mellom parisarane, og politiet truga med å fjerne biletet frå utstillinga.

Til verdsutstillinga i Paris 1855 måla Courbet på oppdrag biletet Målaren sitt atelier. Biletet vart avvist av arrangøren av utstillinga, noko som førte til at Courbet fekk bygt sin eigen utstillingshall vis á vis den offisielle utstillingshallen på verdsutstillinga. Der viste han Målaren sitt atelier, som ein protest mot arrangøren og kunstetablissementet. Dette var første gongen ein kunstnar arrangerte si eiga offentlege visning av arbeida sine, og i prinsippet la dette grunnen for ein heilt ny måte å stille ut kunst på. Framfor alt vart Salongens einerådande posisjon i institusjonaliseringa av kunsten, for første gong utfordra gjennom Courbets radikale handling.

 
Søvnen (Le Sommeil), 1866

Dei neste åra måla Courbet mindre kontroversielle bilete, landskap og portrett, som gjorde han til ein populær kunstnar i samtida. Ein serie med havmotiv som han laga, var med å legge grunnen for den seinare impresjonistiske kunsten. I 186] kom han atter på bana med meir utfordrande motiv, mellom anna ei framstilling av rusa prestar. Biletet vart refusert, sjølv på «dei refuserte sin salong» (Salon des Refusés). Vidare følgde fleire måleri med eit erotisk og nærast pornografisk snitt, som Verdas opphav i 1866. Måleriet er ein utilslørt studie av eit kvinneleg kjønnsorgan. Søvnen frå same året viser to nakne kvinner femne om kvarandre. Bileta vart nekta vist offentleg, og forsterka ryktet om Courbet som ein radikal figur.

Politisk aktivist endre

I 1870 vart Courbet tildelt den franske heidersmedalja av keisar Napoleon III, men nekta å take ho imot. For dette vann han mykje popularitet hos folk. Det franske folk var kastet ut i kaos og politisk krise under den fransk-prøyssiske krigen. Etter nederlaget mot prøyssarane gjorde befolkninga opprør mot keisaren, og Napoleon flykta til England. Det franske keisardømmet gjekk i oppløysing, og i ein kort periode vart landet styrt av radikale sosialistar som heldt fram å kjempe mot prøyssarane som kringsette Paris. Byen vart erklært som ei sjølvstendig eining, Pariskommunen.

 
Strand i Normandie (Plage de Normandie), 1872-75

Courbet tok ei politisk rolle, og vart vald både til president i det franske kunstnarforbundet, og til byråd i Pariskommunen. Han tok initiativet til å rive Vendômesøyla, ei 40 meter høg søyle med statuen av Napoleon Bonaparte på toppen, sjølve symbolet på keisarimperiet i Paris. Etter at Pariskommunen var slått ned i mai 1871, vart Courbet arrestert og dømt til seks månaders fengselsstraff for si rolle i oppstanden. Då han vart sleppt ut frå fengslet, vart han idømt eit erstatningskrav på over 200 000 francs til gjenreising av Vendôme-søyla, ein svimlande sum i dåtidas valuta. Courbet korkje kunne eller ville betale denne summen, og i juli 1873 flykta han til Sveits. Han levde i politisk eksil i Sveits i over fire år, alt medan han vart stadig meir svekka av sjukdom og tiltakande alkoholisme.

Kunsthistorisk rolle endre

I 1882 vart det halde ei stor utstilling med Courbets verk ved École des Beaux-Arts i Paris. Arbeida hans hadde då rokke å øve stor innverknad på yngre franske kunstnarar som Édouard Manet og impresjonistane. Courbet vert sett som ein viktig føregangsfigur for seinare radikale og avantgardistiske kunstnarar, på grunn av sin opne kritikk av det etablerte og institusjonaliserte kunstlivet, og grunna sitt klare, politiske engasjement.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gustave Courbet

Litteratur

  • Kokkin, Jan. «Eilif Peterssens møte med Gustave Courbets kunst i München» I: Kunst og kultur, nr 4, 1997