Nedstrandsfjorden

(Omdirigert frå Nedstrandfjorden)

Nedstrandsfjorden, òg skrive Nedstrandfjorden er den austlege delen av Boknafjorden mellom Tysvær og Stavanger kommune. Fjorden har innløp mellom Stong i Tysvær i vest og Kyrkjøy i Sjernarøyane i aust. Innløpet ligg like aust for innløpet til Hervikfjorden.

Nedstrandsfjorden deler seg i fleire greiner vidare innover. Gapafjorden går sørover mellom Sjernarøyane og Ombo, Jelsafjorden går austover, Sandsfjorden går nordaustover og Vindafjorden går nordover. Nedstrandsfjorden strekkjer seg om lag 17 km austover til der Jelsafjorden, Sandsfjorden og Vindafjorden har sine innløp. Sandsfjorden går vidare innover til Hylsfjorden og Saudafjorden, og heilt inn til Sauda i botn av Saudafjorden er det 61 km og til botn av Hylsfjorden 65 km.

På nordsida av fjorden stikk det fleire djupe vågar inn frå fjorden. Muslandsvågen går inn til grenda Lernaland og Hindaråvågen går inn til tettstaden Hindaråvåg. Rett aust for Hindarvåg ligg tettstaden Nedstrand, som har gjeve namn til fjorden.

Frå Nesheim på Kyrkjøy i Finnøy går det ferje over fjorden til Nedstrand.