Ombo er ei øy i Ryfylke. Øya ligg i Boknafjorden nordom Randøy i Hjelmeland kommune, og ho er den nest største i Rogaland. Ombofjorden ligg mellom Ombo i vest, som fjorden er kalla opp etter, og Jøsneset på fastlandet i aust. Det høgaste punktet på øya er Bandåsen på 511 moh.

Ombo
Geografi
Stad Ryfylke i Boknafjorden
Koordinatar 59°16′N 06°01′E / 59.267°N 6.017°E / 59.267; 6.017

Areal 58 km²

Høgaste punkt Bandåsen (511 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Rogaland

Demografi
Folketal 240 (2018)

Ombo har fleire småstader, blant anna Jørstadvåg, Tuftene, Skipavik, Skår, Vestersjø, Atlatveit og Eidssund.

Etter at vegen på Ombo vart bygd vart ein særegen fjellformasjon synleg frå den nye vegen. Fjellformasjonen ser ut som eit andlet og vart opphavleg kalla Adam. Blant dei lokale innbyggjarane er denne òg kalla for «Ombo-Gubben».

Fram til 1. januar 2020 er Ombo delt mellom kommunane Hjelmeland og Finnøy. Etter ny kommunal inndeling frå 2020, er heile øya ein del av nye Stavanger kommune.[1]

Øyar i Finnøy kommune, Den største øya er Ombo, ho er delt mellom kommunane Finnøy og Hjelmeland
Ombo-gubben

Kjelder endre

Referansar
  1. Justerer grensa mellom kommunane Finnøy og Hjelmeland Pressemelding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, den 10. desember 2018

Bakgrunnsstoff endre