Neil Taylor (fødd 26. januar 1961) er ein engelsk rock- og popgitarist, mest kjend for samarbeidet med Robbie Williams og som tidlegare medlem i gruppa Tears for Fears.

Neil Taylor
Fødd26. januar 1961 (63 år)
FødenamnNeil Martin Taylor
OpphavStorbritannia
Aktiv1980 til i dag
Sjangerrock, pop
InstrumentGitar, vokal
Tilknytte artistarRobbie Williams, Chris de Burgh, Tears for Fears, Natalie Imbruglia
Verka somMusikar

Karriere

endre

Taylor byrja å spele i lokale band i ungdomen før han vart med i Neon som studiomusikar tidleg i 1980-åra. På denne tida møtte han Curt Smith og Roland Orzabal som, etter å ha starta Tears for Fears, bad Taylor om å turnere med dei og spele gitar på det andre albumet deira, Songs from the Big Chair (1985), og det tredje The Seeds of Love (1989). Taylor turnerte med bandet fleire gonger mellom 1983 og 1990 og er med i konsertvideoane deira In My Mind's Eye (1984) og Going to California (1990).[1] I 1990-åra spelte han med fleire andre artistar, før han vart fast medlem i bandet til Robbie Williams i 2003.[2][3]

I 2011 gav Taylor ut det første soloalbumet sitt, No Self Control,[4]. I april 2012 kom det andre albumet, Chasing Butterflies.[4]

Diskografi

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Tears for Fears discography at discogs.com
  2. He is now Back Touring with Chris de Burgh 2003 band lineup Arkivert 2010-12-07 ved Wayback Machine. at RobbieWilliams.com
  3. 2006 band lineup at RobbieWilliams.com
  4. 4,0 4,1 4,2 Silvermusic.tv

Bakgrunnsstoff

endre