Nelson Strait i Sør-Shetlandsøyane
Nelson Straiter eit 9 km langt og 9,8 km breitt sund som ligg mellom Robert Island og Nelson Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Sundet vart utforska av tidlege selfangarar på 1800-talet, og vart først kartlagt av Nathaniel Palmer i 1821. Det har tidlegare hatt mange forskjellige namn («Harmony Strait», «King George’s Strait», «Parry’s Straits», «Davis’s Straits», «Détroit de Clothier» mfl.), medan dagens namn, som truleg kjem frå den tilstøytande Nelson Island, i dag har vorte anerkjent internasjonalt.
Nelson Strait | |||
sund | |||
Plasseringa til Nelson Strait i Sør-Shetlandsøyane.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Shetlandsøyane | ||
- koordinatar | 62°21′00″S 59°17′00″W / 62.35000°S 59.28333°W | ||
Lengd | 9 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||