Nemanja Vidić

serbisk fotballspelar

Nemanja Vidić (fødd 21. oktober 1981 i Titovo Užice i Serbia) er ein serbisk fotballspelar som har spela for Manchester United i engelsk Premier League, og for det serbiske landslaget.

Немања Видић
Nemanja Vidić
Personleg informasjon
Fødd 21. oktober 1981
Fødestad Titovo Užice
Høgd 189 cm
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Manchester United
Nummer 15
Ungdomsklubbar
1989-93
1994-96
1996-2000
Jugoslavia (1969–1992 Jedinstvo Užice
Serbia og Montenegro Sloboda Užice
Serbia og Montenegro Raude Stjerne
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2000-04
2000-01
2004-06
2006-
Serbia og Montenegro Raude Stjerne
Serbia og Montenegro Subotica (lån)
Spartak Moskva
Manchester United
67 (12)
27 (6)
39 (4)
167 (14)
Landslag
2002-06
2006-
Serbia og Montenegro Serbia og Montenegro
Serbia
Til saman
51 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. september 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 7. september 2010

Vidić vart seriemeister i Serbia og Montenegro i 2004 med Raude Stjerne og i England med Manchester United i 2007, 2008, 2009 og 2011. Han var òg med på å vinna Den europeiske meisterligaen i 2008. Han vart kåra til årets serbiske fotballspelar i 2005 og 2008.

Vidić debuterte for A-landslaget til Serbia og Montenegro 12. oktober 2002, i ein EM-kvalifiseringskamp mot Italia. Han var med i Serbia og Montenegro sin tropp til fotball-VM i 2006, men vart skada rett før turneringa og fekk ikkje spelt nokon av kampane. 15. november 2006 skåra han mål for Serbia mot Noreg i ein privatlandskamp i Beograd. I fotball-VM i 2010 spelte han alle Serbia sine tre kampar.