Opna hovudmenyen
Champions League-pokalen


Meisterligaen (en. Champions League) er ei europeisk fotballturnering som vert arrangert av UEFA årleg. Turneringa byrjar på seinsommaren og vert avslutta i mai året etter. Klubbar som plasserer seg høgt nok i høgt nok ranka europeiske fotballigaer, er kvalifisert for turneringa, men når dei kjem inn, avheng òg av kor høg ranking sjølve klubben har i europacupar.

FormatEndra

Turneringa består i 2006/07-sesongen av tre delar. Første del er tre kvalifiseringsrundar der det vert spelt doble utslagskampar, deretter ein runde med gruppespel, før det igjen vert spelt doble utslagskampar i åttandedelsfinalane til semifinalane. Finalen vert spelt som éin enkeltkamp på nøytral bane.

Gruppespelet består av åtte grupper av fire lag som møtest to gonger. Dei to beste laga i kvar gruppe går vidare til åttandedelsfinalen.

KvalifiseringEndra

Kvalifiseringa til turneringa er bestemt av plasseringa laga oppnår i den heimlege serien etter eit kvotesystem der landa med dei sterkaste seriane får tildelt flest plassar. Klubbar som spelar i sterke ligaer, kjem også inn på eit seinare trinn i turneringa. I dei tre sterkaste ligaene, ifylgje UEFA-rangeringa, går gull- og sølvvinnaren i ligaen rett inn i gruppespelet, og laga på tredje og fjerde plass kjem inn i tredje kvalifiseringsrunde. Det finst unntak frå denne regelen.

HistorieEndra

Champions League erstatta i 1992/93 den tidlegare Serievinnarcupen, der vinnarane av europeiske ligaer var kvalifiserte. Med Champions League blei det opna for at fleire lag frå same land kunne delta i turneringa.

Serievinnarcupen blei første gong arrangert i 1955/56 som ei rein cupturnering, men der laga som møttest spelte to kampar mot kvarandre for å kåre ein vinnar. I 1992/93 vart det innført eit gruppespel i fjerde runde som bestod av to grupper med fire lag, der vinnarane av gruppene møttest i finalen. Allereie i 1993/94 blei dette endra, og då gjekk dei to beste laga frå kvar gruppe vidare til ein to-kampars semifinale.

I 1994/95 blei talet på rundar før gruppespelet redusert frå tre til ei, og talet på grupper utvida til fire, der dei to beste i kvar gruppe gjekk vidare til kvartfinalar. Dette formatet stod ved lag heilt til 1997/98 då det vart innført to kvalifiseringsrunder som førte fram til eit gruppespel i seks grupper med fire lag. Gruppevinnarane og dei to beste toarane avanserte til kvartfinalane.

I 1999/2000-sesongen blei ytterlegare ein kvalifiseringsrunde lagt til, og første runde i sjølve turneringa bestod no av åtte grupper med fire lag, der de ito beste frå kvar gruppe gjekk vidare til eit nytt gruppespel med fire grupper med fire lag. Laga som enda på tredjeplass i gruppene, gjekk inn i UEFA-cupens tredje runde. Frå det andre gruppespelet avanserte dei to beste i kvar gruppe til kvartfinalane.

Dette formatet medførte at talet på kampar blei i høgaste laget. Europas beste lag har ei stor kampbelastning og talet på kampar i Champions League gjorde det ikkje betre. Derfor blei det andre gruppespelet kutta ut frå 2003/04, slik at dei to beste i kvar gruppe går inn i to-kamps utslagsrundar som tar til med åttendedelsfinalar. Treerlaga i gruppespelet går framleis inn i UEFA-cupens tredje runde.

TroféetEndra

Troféet for å vinne meisterskapen er ein vandrepokal, som klubbane gjev vidare til neste års vinnar. Dersom eit lag vinn turneringa fem gonger, får dei lov til å behalde troféet. Då turneringa heitte Europa Champion Clubs Cup (Europa-cupen, Serievinnercupen), fekk laga behalde troféet dersom dei vann tre gonger på rad. Dette skjedde for Ajax, 19711973 og Bayern München, 19741976.

Fem klubbar har vunne troféet permanent:

VinnararEndra

Sesong Vinnar Resultat Finalemotstandar Spelestad Detaljar
2012/13   Tyskland FC Bayern München 2-1   Tyskland Borussia Dortmund   Wembley Stadium, London
2011/12   England Chelsea FC 1-1,
4-3 på straffespark
  Tyskland FC Bayern München   Allianz Arena, München
2010/11   FC Barcelona 3-1   Manchester United   Wembley Stadium, London Mesterligaen 2010/2011
2009/10   Inter 2-0   FC Bayern München   Santiago Bernabéu, Madrid Mesterligaen 2009/2010
2008/09   FC Barcelona 2-0   Manchester United   Stadio Olimpico, Rome Mesterligaen 2008/2009
2007/08   Manchester United 2-1,
7-6 på straffespark
  Chelsea FC   Luzhniki Stadion, Moskva Mesterligaen 2007/2008
2006/07   AC Milan 2-1   Liverpool FC   Olympiastadion, Athen Mesterligaen 2006/2007
2005/06   FC Barcelona 2-1   Arsenal FC   Stade de France, Saint-Denis Mesterligaen 2005/2006
2004/05   Liverpool FC 3-3,
3-2 på straffespark
  AC Milan   Atatürk Olimpiyat Stadyumu, Istanbul · Meisterligaen 2004/2005
· Finalen 2004/05
2003/04   FC Porto 3-0   Monaco FC   Veltins-Arena, Gelsenkirchen Meisterligaen 2003/2004
2002/03   AC Milan 0-0,
3-2 på straffespark
  Juventus   Old Trafford, Manchester
2001/02   Real Madrid CF 2-1   Bayer Leverkusen   Hampden Park, Glasgow
2000/01   FC Bayern München 1-1,
5-4 på straffespark
  Valencia CF   San Siro, Milano
1999/00   Real Madrid CF 3-0   Valencia CF   Stade de France, Saint-Denis
1998/99   Manchester United 2-1   FC Bayern München   Camp Nou, Barcelona
1997/98   Real Madrid CF 1-0   Juventus   Amsterdam ArenA, Amsterdam
1996/97   BV Borussia Dortmund 3-1   Juventus   Olympiastadion, München
1995/96   Juventus 1-1 eeo,
4-2 på straffespark
  AFC Ajax   Stadio Olimpico, Roma
1994/95   AFC Ajax 1-0   AC Milan   Ernst Happel Stadion, Wien
1993/94   AC Milan 4-0   FC Barcelona   Olympiastadion, Athen
1992/93   Olympique Marseille 1-0   AC Milan   Olympiastadion, München
Serievinnarcupen:
1991/92   FC Barcelona 1-0, eeo   Sampdoria   Wembley Stadion, London
1990/91 Mal:JUG Raude Stjerne Beograd 0-0 eeo,
5-3 på straffespark
  Olympique Marseille   Stadio San Nicola, Bari
1989/90   AC Milan 4-0   Benfica   Prater Stadion, Wien
1988/89   AC Milan 4-0 Mal:ROU1989 FC Steaua București   Camp Nou, Barcelona
1987/88   PSV Eindhoven 0-0 eeo,
6-5 på straffespark
  Benfica   Neckarstadion, Stuttgart
1986/87   FC Porto 2-1   FC Bayern München   Prater Stadium, Wien
1985/86 Mal:ROU1989 FC Steaua București 0-0 eeo,
2-0 på straffespark
  FC Barcelona   Sánchez Pizjuán, Sevilla
1984/85   Juventus 1-0   Liverpool FC   Heysel Stadion, Brussel
1983/84   Liverpool FC 1-1 eeo,
4-2 på straffespark
  AS Roma   Stadio Olimpico, Roma
1982/83   Hamburger SV 1-0   Juventus   Olympiastadion, Athen
1981/82   Aston Villa 1-0   FC Bayern München   De Kuip, Rotterdam
1980/81   Liverpool FC 1-0   Real Madrid CF   Parc des Princes, Paris
1979/80   Nottingham Forest 1-0   Hamburger SV   Santiago Bernabéu, Madrid
1978/79   Nottingham Forest 1-0   Malmö FF   Olympiastadion, München
1977/78   Liverpool FC 1-0   Club Brugge   Wembley Stadion, London
1976/77   Liverpool FC 3-1   Borussia Mönchengladbach   Stadio Olimpico, Roma
1975/76   FC Bayern München 1-0   AS Saint-Étienne   Hampden Park, Glasgow
1974/75   FC Bayern München 2-0   Leeds United FC   Parc des Princes, Paris
1973/74   FC Bayern München 1-1,
4-0 etter omkamp
  Atletico Madrid   Heysel Stadion, Brussel
1972/73   AFC Ajax 1-0   Juventus Mal:JUG Crvena Zvezda Stadion, Beograd
1971/72   AFC Ajax 2-0   Inter   De Kuip, Rotterdam
1970/71   AFC Ajax 2-0   Panathinaikos   Wembley Stadion, London
1969/70   Feyenoord 2-1, eeo   Celtic FC   San Siro, Milano
1968/69   AC Milan 4-1   AFC Ajax   Santiago Bernabéu, Madrid
1967/68   Manchester United 4-1, eeo   Benfica   Wembley Stadion, London
1966/67   Celtic FC 2-1   Inter   Estádio Nacional, Lisboa
1965/66   Real Madrid CF 2-1 Mal:JUG Partizan Beograd   Heysel Stadion, Brussel
1964/65   Inter 1-0   Benfica   San Siro, Milano
1963/64   Inter 3-1   Real Madrid CF   Prater Stadion, Wien
1962/63   AC Milan 2-1   Benfica   Wembley Stadion, London
1961/62   Benfica 5-3   Real Madrid CF   Olympisch Stadion, Amsterdam
1960/61   Benfica 3-2   FC Barcelona   Wankdorf Stadion, Bern
1959/60   Real Madrid CF 7-3   Eintracht Frankfurt   Hampden Park, Glasgow
1958/59   Real Madrid CF 2-0   Stade Reims   Neckarstadion, Stuttgart
1957/58   Real Madrid CF 3-2, eeo   AC Milan   Heysel Stadion, Brussel
1956/57   Real Madrid CF 2-0   Fiorentina   Santiago Bernabéu, Madrid
1955/56   Real Madrid CF 4-3   Stade Reims   Parc des Princes, Paris

Norsk deltakingEndra

Rosenborg kvalifiserte seg som første norske klubb til gruppespelet i Meisterligaen i 1995/96, og har sidan delteke kvart år med unnatak av sesongane 2003/04 og 2006/07. Den beste prestasjonen klubben har oppnådd er å gå vidare til kvartfinale i 1996/97-sesongen. Molde kvalifiserte seg i 1999/2000-sesongen. Lillestrøm, Brann og Vålerenga har alle delteke i kvalifiseringsrundene utan å gå vidare til gruppespel.