Neri Gulbransson Kolkinn

norsk gardbrukar og stortingsrepresentant

Neri Gulbransson Kolkinn (30. november 184122. januar 1890) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Flesberg i Buskerud.

Neri Gulbransson Kolkinn
Fødd 30. november 1841
Flesberg
Død

22. januar 1890 (48 år)
Flesberg

Yrke lærar, bonde, politikar

Kolkinn var son til ein husmann og handverkar. Sjølv var han lærar i sju år og ei tid tømmerhandlar for eit større firma. Frå 1883 var han gardbrukar på Lande i Flesberg, garden kjøpte han av svigerfaren. Han var ordførar i Flesberg 1884-87, og 1890. Også forlikskommissær og medlem av amtsutvalet.

Kolkinn vart vald til 1. representant for Buskeruds amtStortinget for perioden 1889-91. I 1889 var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen. Han røysta i lag med Moderate Venstre. Vinteren 1890 døydde han på garden sin i Flesberg.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914