Nesøygodset
Nesøygodset var frå 1350 til 1600 ei samling større jordeigedomar i det som no er Bærum, Asker og Lier kommunar, og femna dessutan om heile dei to områda Åssiden og Bragernes i det som no er byen Drammen.
Hovudsetet for denne samlinga av eigedomar låg på Nesøya i noverande Asker kommune, men det er uklart i kor stor mon eigarane, som var av det danske adelskapet, budde her eller i Christiania (Oslo).