Never Turn Your Back on Mother Earth

Never Turn Your Back on Mother Earth
Singel av Sparks
frå albumet Propaganda
B-side

Alabamy Right

Utgjeve 1974
Innspelt 1974
Sjanger
Lengd 2:28
2:35 (nyinnspeling)
Selskap Island
Låtskrivar(ar) Ron Mael
Produsent Muff Winwood
Tony Visconti (nyinnspeling)
Sparks-kronologi 
«Amateur Hour»
(1974)
Never Turn Your Back on Mother Earth «Something for the Girl with Everything»
(1975)


«Never Turn Your Back on Mother Earth» er ein song av det amerikanske rockebandet Sparks. Songen kom ut seint i 1974 som den første singelen frå det fjerde albumet deira, Propaganda.

Nyinnspeling for Plagiarism endre

I 1997 spelte Sparks inn ein ny versjon av songen med produsenten Tony Visconti. Dette introduserte strykarar og kor. Songen avsluttar Plagiarism, der han glir over frå det førre sporet, «The Number One Song in Heaven».

Andre versjonar endre

Depeche Mode spelte inn ein versjon av songen på ein flexi-disc som vart send til medlemmar av den offisielle fanklubben deira jula 1987.

Martin Gore, gitarist og låtskrivar i Depeche Mode, spelte inn ein versjon for den første EP-en sin, Counterfeit, i 1989.[1]

Nicola Sirkis spelte inn songen som B-sida til singelen sin «Alice dans la Lune» i 1992, frå albumet Dans La Lune.[2]

Johan Johansson skapte ein svensk versjon kalla «Kärlek & respekt till moder jord» for EP-en sin 10 i 1994.[3]

Karen J. Walsha spelte inn ein versjon for det nederlandske hyllestalbumet Amateur Hour (A Global Tribute to Sparks), gjeve ut i 1999.[4]

Haloed Ghost spelte inn ein versjon for EP-en sin Saw Versions i 1994.[5]

Billy Mackenzie spelte inn ein versjon som kom ut i 2005 på albumet sitt Transmission Impossible.[6]

Paul Roland spelte inn ein versjon i 2005 på albumet hans Strychnine... And Other Potent Poisons.[7]

Geezerbird har spelt inn ein versjon i 2006 for albumet One in the Hand.[8]

Mary Hopkin spelte inn ein versjon i 2007 på albumet sitt Valentine.[9]

Neko Case har ein versjon frå 2009 på albumet sitt Middle Cyclone.[10]

Louis Guidone laga ein versjon i 2011 på albumet Meet Your Maker.[11]

Satie's Faction spelte inn ein instrumental versjon i 2012 for albumet sitt Déjà Vu.

Innhald endre

  1. «Never Turn Your Back on Mother Earth» — 2:28
  2. «Alabamy Right» — 2:11

Medverkande endre

Salslister endre

Liste Plassering
U.K. Singles chart 13
Den tyske singellista 40

Kjelder endre

  1. Gore, Martin. «Martin L.Gore Counterfeit». Martin L. Gore Counterfeit. Henta 12. mars 2020. 
  2. Nicola Sirkis. «Dans la lune: Nicolas Sirkis: Amazon.fr: Musique». Amazon.fr. Henta 22. april 2022. 
  3. «johan johansson - kärlek och respekt till moder jord». YouTube. 3. juli 2010. Arkivert frå originalen 21. desember 2021. Henta 22. april 2022. 
  4. «Karen J. Walsha - Never Turn Your Back on Mother Earth». YouTube. 27. januar 2011. Arkivert frå originalen 21. desember 2021. Henta 22. april 2022. 
  5. «Haloed Ghost | Listen and Stream Free Music, Albums, New Releases, Photos, Videos». Myspace.com. Henta 22. april 2022. 
  6. Billy Mackenzie. «Transmission Impossible by Billy Mackenzie: Amazon.co.uk: Music». Amazon.co.uk. Henta 22. april 2022. 
  7. «Paul Roland Website». Paulroland.it. Arkivert frå originalen 21. januar 2017. Henta 22. april 2022. 
  8. «Geezerbird». Geezerbird.com\accessdate=22. april 2022. 
  9. Mary Hopkin. «Valentine». Amazon.co.uk. Henta 22. april 2022. 
  10. «Middle Cyclone: Neko Case: MP3 Downloads». Amazon.com. Henta 22. april 2022. 
  11. «Meet Your Maker | Louis Guidone». Louisguidone.bandcamp.com. Henta 22. april 2022.