Neverdalsåga kraftverk
vannkraftverk i Meløy kommune, Nordland fylke, Noreg
Neverdalsåga kraftverk er eit vasskraftverk ved Glomfjord i Meløy kommune i Nordland fylke. Kraftverket nyttar eit fall på 195 meter mellom Øvre Glomvatnet og Hydrodammen. Øvre Glomvatnet er magasin for verket og det er regulert mellom 495 og 473 moh.
Det er installert ein Peltonturbin på 5 MW. Middels årsproduksjon er på 11 GWh.
Kraftverket vart bygd for å sikre energi til Norsk Hydro sin ammoniakkfabrikk i Glomfjord. Denne fabrikken vart nedlagt i 1993.
Eigar er Norsk Hydro.