Nevers
Nevers er ein by og kommune sentralt i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Nièvre i regionen Bourgogne-Franche-Comté. Byen har om lag 45 000 innbyggjarar, og ligg der elva Nièvre munnar ut i Loire. Nevers ligg i den tidlegare franske provinsen Nivernais, 260 km søraust for Paris.
Nevers | |
---|---|
Place de la République i Nevers | |
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Bourgogne-Franche-Comté Nièvre |
Geografi | |
Flatevidd | 17,33 km² |
Flatevidd - By |
17,33 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
43 082 2 486/km² |
Koordinatar | 47°00′N 03°09′E / 47.000°N 3.150°E |
Høgd over havet | 180 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) |
Diverse anna | |
Postnummer | 58000 |
Heimeside: www.ville-nevers.fr |
Historie
endreNoviodunum var det tidlege namnet på Nevers, som etter kvart endra seg til Nebirnum. Alle medaljane og andre romerske lekamar ein har funne på staden viser at det må ha vore ein viktig stad då Cæsar valde staden som militærlager for kveite, pengar og gislar. I 52 fvt. var det første staden som vart erobra av opprøraren Aedui.
Han vart bispesete på slutten av 400-talet. Grevskapet Nevers går minst tilbake til 900-talet. Innbyggjarane i Nevers fekk privilegium i 1194 og 1231. Ei kort stund på 1300-talet var byen sete for eit universitet, som seinare vart overført til Orléans.
Bakgrunnsstoff
endre- Nevers på vitalsudmorvan.org Arkivert 2008-06-18 ved Wayback Machine.